Regional transportplan Hordaland 2018-2029

Regional transportplan for Hordaland (RTP) 2018-2029 er ein langsiktig strategiplan for transportsektoren i Hordaland. Den inneheld fylkeskommunen sine mål og krav til alle relevante delar av transportsystemet i fylket.

RTP for 2018-2029 er ei rullering av gjeldande Regional transportplan Hordaland 2013-2024 (vedteken i fylkestinget i desember 2012).

Planen legg føringar for fylkeskommunen sine prioriteringar i handlingsprogram og budsjettvedtak. I tillegg er planen grunnlag for innspel og føringar til prosessar som gjeld Hordaland, men som ligg utanfor fylkeskommunen sitt direkte ansvarsområde.

Planprogrammet blei vedteke av fylkesutvalet 29. januar 2016. Planforslaget blei vedteke i fylkestinget i juni 2017.

Sjå høyringsside for Regional transportplan

Her finn du relevante utgreiingar og rapportar for planarbeidet:

Strekningsvise utgreiingar for dei overordna fylkesvegane i Hordaland

Som ei oppfølging av gjeldande RTP har Statens vegvesen utarbeidd strekningsvise utgreiingar for det overordna vegnettet. Desse utgreiingane vil ligge til grunn for prioritering av planlegging, investeringstiltak, standardheving og vedlikehald på det overordna fylkesvegnettet i handlingsprogram til RTP 2018-2021 og årlege plan- og byggeprogram.

Strekning 1 Ulvik-Trengereid

Strekning 2 Odda-Tysse med armar til Norheimsund og Osøyro

Strekning 3 Odda-Svortland (Rubbestadneset)

Strekning 4 Sveio-Bergen

Strekning 5 Bergensområdet

Strekning 6 Nordhordland

Strekningsvise utgreiingar - samla oversyn

Strekningsvise utgreiingar for dei overordna fylkesvegane i Hordaland - brev frå Statens vegvesen 08.02.2016

Skredsikringsplanen

Skredsikringsplanen er ein del av grunnlagsarbeidet for Handlingsprogram i Nasjonal transportplan (NTP) for perioden 2018–2029. Skredsikringsplanen for Region vest viser det samla behovet for skredsikring på riks- og fylkesvegnettet i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Den vil legge grunnlaget for revisjon av prioriterte skredsikringstiltak.

Skredsikringsplanen

Vedlegg som viser behovet for skredsikring i Hordaland:

Skredsikringsbehov for riks- og fylkesvegnettet i Region vest (pdf)

Vedlegg: Berekningsmodell for prioritering av skredsikringstiltak (pdf)

Vedlegg: Alle kommunar i Hordaland (pdf kart)

Moglegheitsstudie for fylkesvegsamband knytt til ny E39 Bergen - Rogaland