Regional plan for kompetanse og arbeidskraft

I regional planstrategi for Hordaland 2012-2016 var det vedtatt at det skulle utarbeidast ein regional plan for kompetanse og arbeidskraft.

Føremålet med planen er å bidra til å sikre robust forsyning av arbeidskraft og framtidsretta kompetanse til arbeids- og samfunnsliv med utgangspunkt i utdanningssystemet.

Kva ønskjer ein å oppnå i planarbeidet

  • Betre samarbeid mellom arbeidsliv og utdanningssektoren om behov for, og utvikling av utdanningstilbod.
  • Betre samarbeid mellom arbeidsliv og utdanningssektoren om gjennomføring av utdanningsopplegg på ulike nivå
  • Få til føremålstenlege overgangar mellom ulike utdanningsnivå/-typa
  • Få betre tilbod om fleksible utdanningar og livslang læring i regionen

Planprogram for regional plan for kompetanse og arbeidskraft var vedtatt av fylkestinget 29.10.2015. Programmet var på høyring mai - august 2015.

Høyringsrapport til planprogrammet

Milepelar

Her vil det bli lagt ut stoff undervegs i planprosessen.

Profilbilde av Kristin Iversen
Kristin Iversen
98646596