Har du spørsmål om planarbeidet?
Kontaktperson i Hordaland fylkeskommune er Hans-Christian Engum, regionalavdelinga, planseksjonen.
Send e-postPlanen skal legge rammer for den langsiktige utviklinga i regionen, med
hovudvekt på arealutvikling og transportmønster.
Sekretær for planarbeidet er Rogaland fylkeskommune, og utfyllande informasjon om planarbeidet er å finne på deira nettside:
Planforslaget var på høyring i februar-mars 2015, og vart deretter bearbeidd.
Vedtak
Fylkesutvalet har levert innstilling til fylkestinget 14. - 15. juni 2016 om vedtak av Regional plan for areal og transport på Haugalandet.
Sak 146/2016 i fylkesutvalet 19.05.2016
«Regional plan for areal og transport på Haugalandet» vart vedteken i Rogaland fylkesting (15. juni 2016) og Hordaland fylkesting (5. oktober 2016).
Etter at planen vart vedteken, har Tysvær, Bokn og Karmøy kommunar kome med innvendingar til planen etter § 8-4 i plan- og bygningslova. Det er reist konkrete innvendingar til punkt 7, 11, 12, 14 og 15 i retningslinene. Desse delane av planen må difor bli handsama av Kommunal- og moderniseringsdepartementet og inntil vidare har dei ikkje endeleg verknad. Andre deler av planen har tredd i kraft.