Regional kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger

Planen omfattar sjøareal og strandsone i Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Fusa, Jondal, Kvam, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes samt sjøareal i Vindafjord kommune, Rogaland.

Føremålet med planarbeidet er å sikre ei berekraftig forvaltning av sjøareal og strandsone i Sunnhordlandsregionen og Ytre Hardanger. Planen skal sikre gode rammevilkår for havbruksnæringa som ei stor og viktig næring i regionen, samt maritim sektor med trygge farleier, hamneområde og sjøretta næringsareal.

Planforslaget vart vedteke i fylkestinget i Hordaland 3.-4. oktober 2017, og i fylkestinget i Rogaland 24. oktober 2017.

Fylkestinget i Hordaland - Saksutgreiing

Fylkestinget i Hordaland - Saksprotokoll 03. og 04. oktober2017

Fylkestinget i Rogaland - Saksprotokoll 24. oktober 2017

Regional plan for Sunnhordland og ytre Hardanger 31.08.2017

Plankart 25.08.2017

Temakart - Kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger 2015

Til Fylkestinget oktober 2017

Grunnlagsdokument for handsaming og vedtak av Regional kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger

Planforslag 31.08.2017 - til vedtak

Plankart 25.08.2017 - til vedtak

Høyringsrapport 2017

Høyringsinnspel 2017 

Milepelar

Hordaland fylkesutval vedtok 10.11.2011 å starta arbeid med Regional plan for Sunnhordland. Dette var ei av dei prioriterte oppgåvene i den regionale planstrategien for 2011-12.

Fylkesutvalet vedtok i møte 21.11.2012 å sende planprogram for regional kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger på høyring.

Torsdag 17. januar 2013 var det høyringskonferanse på Stord Hotel for planprogram til regional kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger.

6 kommunar, 5 regionale statsetatar, 1 regionråd, 6 interesseorganisasjonar, 4 næringsaktørar og 1 forskingsinstitusjon gav uttale til planprogrammet for regional kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger.

I 2014 og 2015 var det arrangert temamøter om sjøtransport og maritim næring, strandsone, akvakultur og berekraftig kystsoneplanlegging.

Fylkesutvalet vedtok 19.05.2015 å legge planforslag ut på høyring

Planforslaget har vore på avgrensa høyring våren 2017.

Planforslaget vart endeleg vedteke i fylkestinget i oktober 2017.

Høyring: juni - oktober 2015

Planforslaget var på høyring i perioden juni - oktober 2015.

Alle høyringsinnspela til regional kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger er samla og lagt ut i eigen rapport. 

Høyringsrapport 2015

Høyringsinnspel 2015

Planforslag

Metode analyse, vedlegg

Plankart - Kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger

Temakart - Kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger

ROS-vedlegg

Avgrensa høyring våren 2017

Planprogram og rapportar

Planprogram 

Det er utarbeidd analyser som kunnskapsgrunnlag for planarbeidet.

Akvakulturanalyse

Fagleiar kommunale planar
Profilbilde av Eva Katrine Ritland Taule
Eva Katrine Ritland Taule
91349015