Regional areal- og transportplan for bergensområdet

Planområdet omfattar kommunane Bergen, Radøy, Meland, Lindås, Askøy, Fjell, Øygarden, Sund, Osterøy, Vaksdal, Samnanger og Os.

Føremålet med planarbeidet er å utvikle eit utbyggingsmønster som legg til rette
for vekst i bustader og næringsareal innanfor berekraftige rammer, knytt til
kollektivtransport og effektiv vegtransport, og med omsyn til langsiktig
grønstruktur, jordvern, samt gode nærmiljøkvalitetar.

 Planen vart vedteken i fylkestinget i juni 2017.

Til fylkestinget juni 2017

Rapportar

Kunnskapsgrunnlag

Det er utarbeidd ei rekkje rapportar som kunnskapsgrunnlag for utarbeidinga av Regional areal- og transportplan for Bergensområdet. Rapportane for senterstruktur, transport, næringsareal og natur, kulturmiljø og landskap er utarbeidd av Asplan Viak. Plantema bustad er utgreidd av Hordaland Fylkeskommune ved AUD. Hovudstruktur for kollektivnettet i Bergensområdet er utarbeida av skyss i samarbeid med COWI.

Rapportar:

Høyring 2015

Planforslaget var på høyring i perioden juli - oktober 2015.

Høyringsutkast 2015

Planprogram

Fylkesutvalet vedtok planprogram for planen 29.08.2013. Vidare vedtok fylkesutvalet at styringsgruppa skal utvidast med leiarane i samferdselsutvalet og kultur- og ressursutvalet. Styringsgruppa var leia av (dåverande) fylkesordførar Tom-Christer Nilsen.

Planprogram

Profilbilde av Hans-Christian Engum
Hans-Christian Engum
97147848