Unntak der det ikkje er krav om samtykke

Dersom du ønskjer å etablere handelsareal til nokre av dei underståandre kategoriane treng du ikkje å søke om samtykke. Dersom det er tvil om vareutval skal du sende søknad om samtykke. 

Daglegvarehandel opp til 3000 m2

Det er i regional føresegn for handel gjort særskilt unntak for at daglegvarehandel med opp til 3000m2 kan lokaliserast i bustadkonsentrasjonar.

Bustadkonsentrasjon er i samsvar med SSB sin definisjon:  Bustadkonsentrasjon som grunnlag for handel kan maksimalt omfatta busette innanfor ein gang/sykkel/vegavstand på 1 km.

Bil, båt, landbruksmaskin, trelast og plantesal

Det er i føresegnene gjort særskild unntak for at detaljhandel kor vareutvalet i hovudsak er bilar, båtar, landbruksmaskinar, trelast og større byggevarer, samt utsal frå hagesenter og større planteskular kan lokaliserast utanfor senter. Lokaliseringa bør då vera ved hovudveg og i nærleiken av kollektivstopp med høg frekvens.

Regional føresegn og retningsliner for handel

Lurar du på noko?
Profilbilde av Anne-Kathrine Vabø
Anne-Kathrine Vabø
95701145