Søk om samtykke til handelsareal ved rammeløyve eller byggjeløyve for tiltak

Når er det krav om samtykke?

Planleggar du handelsareal, og søknad om rammeløyve/byggjeløyve inneheld 3000 m2 nytt eller samla handelsareal? Då må du søke om samtykke.

Søknadsprosessen

Tiltakshavar sender søknaden til kommunen, med handelsanalyse. Kommunen oversender søknaden til Hordaland fylkeskommune med si tilråding.

Tiltak utanfor senter

Ved søknad om rammeløyve eller byggeløyve som inneheld handelsareal i strid med regional føresegn skal kommunen normalt avslå søknaden. Dette gjeld tiltak utanfor definerte senter og sentrumsutstrekning.

Slik blir søknadane om samtykke til handelsareal behandla

Lag ei handelsanalyse

Skal du søke om å etablere ein handelsverksemd med nytt eller samla bruksareal på meir enn 3000 m2  ,er det krav om at du må gjennomføre en handelsanalyse.

Dette skal ikkje vere ei marknadsundersøking, men ei analyse av ny handelsetablering i høve til regionale føringar. Gjennom handelsanalysen skal du sikre at saker som gjeld ny handelsetablering blir tilstrekkeleg opplyst før ein tar ei avgjerd om etableringa er i tråd med målsetningar i Senterplanen. Handelsanalysen skal vere lettfatteleg og kunne etterprøvast.

Dei regionale retningslinjene for handel gir ei spesifisering av kva for vurderingspunkt handelsanalysen skal innehalde. Mal for handelsanalysar i Hordaland er utarbeida på bakgrunn av desse vurderingspunkta. 

 Mal for handelsanalysar i Hordaland

Mal for handelsanalysar i Hordaland (docx)

Malen har sju delar som skal fyllast ut. Kvart punkt har ei rettleiing.

Dette er ei mal for handelsanalysar i samband med reguleringsplan eller byggeløyve/rammeløyve. Du kan og nytte malen som eit utgangspunkt for overordna handelsanalysar.

Unntak

Dersom kommunen har utarbeidd handelsanalyse som er så grundig at den vert tilstrekkeleg grunnlag for regional vurdering av søknad om nytt handelsareal, treng du ikkje foreta ein ny.

Data til handelsanalysar 

Link til http://www.statistikk.ivest.no/hf/ - «Data til handelsanalyse.»

Hordaland fylkeskommune si statistikkteneste skal gjere det enkelt å finne fram til og å hente inn data til handelsanalysar. På desse sidene kan du finne oppdatert statistikk om detaljhandel i fylket. Du kan hentet ut data om detaljhandel for heile fylket, bu- og arbeidsmarkedsregionar, på kommunenivå og bydelsnivå i Bergen.

statistikk.ivest.no har desse underinndeling av detaljvarehandel:

  • Daglegvarer
  • Utvalsvarer
  • Utvalsvarer/unntaksvarer
  • Unntaksvarer - varer som kjem inn under unntaksføresegn i regional plan

Inndelinga i varegrupper er gjort for å kunne stille saman statistikk, men kan ikkje nyttast direkte til å slå fast for eksempel om ei verksemd i hovudsak sel utvalsvarer eller unntaksvarer. Dersom du ønsker å produsere eigen statistikk i handelsanalysen, skal du bruke inndelinga av varegrupper i statistikk.ivest.no. Data blir opptadert årleg. 

Regional føresegn og retningsliner for handel

Om samtykkehandsaming og unntak

Regional plan for attraktive senter i Hordaland (Senterplanen) set krav om samtykke til nytt handelsareal når det totale handelsarealet for eit tiltak eller eit planområde overstig 3000 m2.

Tiltaket eller reguleringsplanen skal vere i samsvar med hovudmål i Senterplanen. Samla bruksareal for detaljhandel i sentrum skal vere i samsvar med senteret sitt nivå i senterstrukturen og det omlandet som er definert i regional plan eller i kommuneplan vedtatt etter 10.12.2014.

For at søknad om samtykke skal bli vudert, er det krav om at du gjennomfører handelsanalyse.

Unntak er:

  • Ny eller utvida detaljhandel med opptil 3.000 m2 samla bruksareal lokalisert i bustadkonsentrasjonar eller i nærsenter.
  • Ny detaljhandel kor vareutvalet i hovudsak er bilar, båtar, landbruksmaskinar, trelast og større byggjevarar, samt utsal frå hagesenter og større planteskular.

Sjå også Unntak der det ikkje er krav om samtykke

Klage

Klagerett følgjer av Forvaltningslova §28 og særlege reglar i Plan- og bygningslova §1-9.

Klagen skal sendast til fylkeskommunen innan 3 veker (jmfr Forvaltningslova §29). Klagen vert handsama av fylkesutvalet. Dersom klagen ikkje vert tatt til følgje vert den oversendt til Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) for endeleg vedtak.

Dersom klagen vert tatt til følgje, gjeld klagerett for partane i saken. Fylkeskommunen oversender klagen til KMD for endeleg vedtak.

Lurar du på noko?
Profilbilde av Anne-Kathrine Vabø
Anne-Kathrine Vabø
95701145