Regional føresegn og retningslinjer for handel

Den regionale føresegna er juridisk bindande for kommunar og private utbyggjarar. Tiltak kan ikkje gjennomførast i strid med føresegna. Kommunane har ansvar for at deira planer er i tråd med føresegna og at rutinar for sakshandsaming følgjer opp denne.

Den regionale føresegna legg til rette for nytt bruksareal for detaljhandel i fylkessenter, regionsenter, kommunesenter, bydelssenter og lokalsenter definert i Regional plan for attraktive senter eller i kommuneplan. Samla bruksareal for detaljhandel i sentrum skal planleggjast i samsvar med senteret sitt nivå i senterstrukturen og det omlandet som er definert i regional plan eller i kommuneplan vedtatt etter den regionale planen. Handelsetableringar i sentera skal liggje innanfor sentrumsavgrensinga.

Handel utanfor sentera

Utanfor sentera tillastast ny eller utvida detaljvarehandel med opptil 3.000 m2 samla bruksareal lokalisert i bustadkonsentrasjonar eller i nærsenter. Intensjonen er å leggje til rette og gi rom for store/moderne daglegvarebutikkar nære der folk bur.

Unntak

Føresegna gjer også eit unntak for handel som ikkje passar inn i eit sentrum grunna storleik og varetype (bil, båt, landbruksmaskinar, trelast og større byggevarar, hagesenter og større planteskular). Lista over unntaksvarer i føresegna er uttømmande. Føresegna er ikkje meint å hindre utsal i mindre skala av lokalproduserte varer direkte frå produsent på produksjonsstaden, t.d. gardsbutikkar og fabrikkutsal.

Samtykkehandsaming hos fylkeskommunen

Fylkeskommunen tek stilling til om tiltak kan gjennomførast gjennom samtykkehandsaming. Føresegna set krav om samtykke frå fylkeskommunen dersom nytt eller samla bruksareal til handel overstig 3000 m2.

Ved handsaming av samtykkesøknader skal fylkeskommunen samrå seg med kommunane og Fylkesmannen før dei kan gi samtykke. Dersom tiltaket er openbart i strid med nasjonale interesser skal samtykke normalt ikkje givast. Det er krav om handelsanalyse for å handsame søknad om samtykke. 

Retningslinjer

Dei regionale retningslinene seier at behov for areal til handel skal vere tema i kommuneplanens arealdel og at det ved regulering av nye bustadområde skal vurderast behov for areal til daglegvarehandel. 

Regionale føresegner for arealbruk

Henta frå reginal plan for attraktive senter i Hordaland, side 49:

Med heimel i § 8-5 i plan- og bygningslova gjeld føresegn pkt. 4.1 i 10 år frå 10.12.2014 eller til punktet blir erstatta av føresegner i kommunal arealplan:

4.1 Nytt bruksareal for detaljhandel er berre tillatt i fylkessenter, regionsenter, kommunesenter, bydelssenter og lokalsenter definert i Regional plan for attraktive senter eller i kommuneplan.

Nytt bruksareal for detaljhandel skal vere innanfor sentrumsutstrekninga definert i kommunal plan. Der det ikkje er fastsett ei sentrumsutstrekning i kommunal plan, gjeld retningsliner for arealplanar i sentrumsområde pkt. 2.3 i denne planen.

Dersom nytt eller samla bruksareal for detaljhandel i reguleringsplan eller ved søknad om byggjeløyve/rammeløyve overstig 3.000 m2 krevst det samtykke frå fylkeskommunen. Tiltaket skal vere i samsvar med hovudmål i Regional plan for attraktive senter. Samla bruksareal for detaljhandel i sentrum skal vere i samsvar med senteret sitt nivå i senterstrukturen og det omlandet som er definert i regional plan eller i kommuneplan vedtatt etter 10.12.2014. Det blir kravd handelsanalyse for å vurdere samtykke.

Det gjeld unntak for: 

  • Ny eller utvida detaljhandel med opptil 3.000 m2 samla bruksareal lokalisert i bustadkonsentrasjonar eller i nærsenter.
  • Ny detaljhandel kor vareutvalet i hovudsak er bilar, båtar, landbruksmaskinar, trelast og større byggjevarar, samt utsal frå hagesenter og større planteskular.

 

Retningsliner for arealbruk

Henta frå reginal plan for attraktive senter i Hordaland, side 50:

4.2 Handelsanalysen skal gjennomførast av planfremjar som ein del av ny reguleringsplan eller ved søknad om byggjeløyve/rammeløyve.

Dersom kommunen har utarbeida overordna handelsanalyse som er tilstrekkeleg grunnlag for regional vurdering av det nye handelsarealet fell kravet vekk.

Handelsanalysen skal innehalde følgjande vurderingspunkt:

  • Handelsbalansen i kommunen/området og vurdering av trong for auka handelsareal.
  • Definering av tiltakets handelsomland.
  • Framskriving av folketal i handelsomlandet i 20 år ut i frå SSB sin middelprognose. Framskrive folketal kan justerast i høve til bustadutbygging vedtatt i kommuneplan.
  • Tiltakets bruksareal i høve til samla bruksareal for handel innanfor sentrumsområdet - Totalt arealbehov for handel med utgangspunkt i gjennomsnitt 2 m2 handelsareal pr. person i omlandet. - Totalt arealbehov for handel fordelt på dei ulike senternivåa. - Verknader av reguleringsplanen/tiltaket for eksisterande senter.
  • Særlege tilhøve som effekten av gjestearbeidarar, studentar, turisme.

4.3 Behov for areal til handel skal vere tema i kommuneplanens arealdel.

4.4 Behov for areal til daglegvarehandel skal vurderast ved regulering av nye bustadområde.

4.5 For utforming av handelsbygg gjeld retningsliner i Kapittel 2 – Attraktive sentrum.

4.6 Fylkeskommunen skal ved handsaming av søknad samrå seg med kommunane og fylkesmannen før samtykke vert gitt. Dersom tiltaket er openbart i strid med nasjonale interesser skal samtykke normalt ikkje gjevast.