Planlegging av handelsareal
Mål frå Regional plan for attraktive senter i Hordaland:
Sentera skal vere attraktive for handel med handelsverksemd dimensjonert etter nivå i senterstrukturen
Sjå planenRegional plan for attraktive senter i Hordaland (Senterplanen) legg til rette for utvikling av attraktive senter som fremjar livskvalitet, robust næringsliv og miljøvenleg transport. Eit godt handelstilbod er ein sentral del i det å skape levande senter.
Senterplanen inneheld ei regional føresegn for handel som er juridisk bindande for kommunar og private. Etter regional føresegn er det berre tillat med nytt bruksareal for handel i utpeika senter; fylkessenter, regionsenter, kommunesenter, bydelssenter og lokalsenter.
Ved handel på meir enn 3000 m2 , nytt eller samla, skal du søke om samtykke frå fylkeskommunen. For å søke om samtykke er det krav om ein handelsanalyse som skal vise om den nye handelsverksemda ligg i eit utpeika senterområde, og om den er passe stor i høve til folketalet i omlandet.
Søknad om samtykke