Tilskot til utvikling av attraktive senter

Kommunar i Hordaland kan søkje tilskot til prosjekt som kan bidra til utvikling av attraktive senter i fylket.

Hordaland skal ha attraktive senter som fremjar livskvalitet, robust næringsliv og miljøvenleg transport. Fylkeskommunen inviterer til å søke om tilskot til prosjekt som kan bidra til utvikling av attraktive senter i fylket, og som stør opp om Regional plan for attraktive senter i Hordaland.

Kven kan søkje?  

Kommunar i Hordaland.

Kva kan støttast?

  • Stadanalysar og muligheitsstudiar som skal auke kunnskapsgrunnlaget for planlegging av gode sentrumsområde
  • Medverknadsprosessar utover minstekravet i Plan og bygningsloven, for involvering av ulike grupper i sentrumsutviklinga
  • Bygging av mindre pilotprosjekt og mellombelse byrom som kan skape aktivitet her og no

Vi oppmodar om å utvikle prosjekt med overføringsverdi. Normalt støttenivå er 50 000 – 150 000 kr.

Krav til søknaden

Prosjektet det vert søkt om tilskot til kan ikkje fullfinansierast av Hordaland fylkeskommune. Søknaden føreset kommunal og eventuelt anna finansiering i minst tilsvarande storleik som det søkast om. Det vert lagt vekt på god framdrift og politisk forankring lokalt.  Delar av kommunen sitt bidrag kan vere i form av eigeninnsats.

Søknadar skal registrerast på www.regionalforvaltning.no, bruk støtteordninga "Tilskot til utvikling av attraktive senter". Tilskotsmidlane må brukast og rapporterast i 2018. Det er avgrensa midlar til utdeling.

Andre aktuelle støtteordningar

Utvikling av attraktive senter i Hordaland er eit av innsatsområda i Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland (HNH). Relevante prosjekt med dette som føremål kan òg få støtte frå midlar knytt til HNH. Søknader kan bli vurdert i forhold til begge støtteordningane.

Tidlegare prosjekt som har fått støtte

2017

  • Askøy – «Modell Kleppestø sentrum»
  • Bømlo – «Stadanalyse/muligheitsstudie Svortland sentrum»
  • Osterøy – «Designmanual miljøgate – utvikling av Valestrand som attraktiv tettstad»
  • Radøy - «Muligheitsstudie Manger sentrum – framtidig bruk av rådhuset og Prestegarden/Prestegardshagen»
  • Fedje – «Muligheitsstudie og tettstadsutvikling Steinborg»
  • Os - «Muligheitsstudie austom elva – bustadfortetting på Finnebrekka»
  • Voss – «VangenVrimmel – mellombelse byromsprosjekt i sentrum»
Profilbilde av Anne-Kathrine Vabø
Anne-Kathrine Vabø
95701145