Tilskot til utvikling av kommunale sykkelstrategiar

Kommunar i Bergensområdet kan søkje tilskot til å utarbeide sykkelstrategiar som kan styrke satsinga på sykkel lokalt.

I 2018 blei det gjennomført ei kartlegging av sykkelinfrastruktur i Knarvik, Kleppestø, Osøyro og Straume etter tilskot frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. I samband med dette arbeidet blei det laga ein sluttrapport med tilrådingar for vidare arbeid med sykkelsatsing. Ein tilrår mellom anna at kommunane lager si eige sykkelstrategi for å styrke satsinga lokalt.

Etter nytt tilsegn frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, inviterer Hordaland fylkeskommune til at Lindås, Os, Askøy og Fjell kommune i 2019 kan søke tilskot til utvikling av kommunale sykkelstrategiar.

Ei slik sykkelsatsing stør også opp om måla frå Regional areal- og transportplan for Bergensområdet om at det skal ha eit miljøvenleg, attraktivt og trygt transportsystem som sikrar mobilitet for befolkning og næringsliv. Veksten i persontransporten skal tas med kollektiv, sykkel og gange.

Kven kan søkje?

Askøy, Fjell, Lindås og Os kommune

Kva kan støttast?

  • Utarbeiding av analyser og data som grunnlag for utvikling av kommunale sykkelstrategiar
  • Medverknadsprosessar for involvering av befolkninga og ulike interessegrupper
  • Finansiere prosjektstilling til å utarbeide sykkelstrategi i kommunane

Lista er ikkje uttømmande og fylkeskommunen er opne for andre forslag som stør opp om utviklinga av kommunale sykkelstrategiar. Vi oppmodar om å utvikle prosjekt med overføringsverdi til andre kommunar.

Krav til søknaden

Kommunen kan søke om tilskot for inntil 50% av prosjektets kostnader. Det vert lagt vekt på god framdrift og politisk forankring lokalt. Delar av kommunen sitt bidrag kan vere i form av eigeninnsats.
Den totale potten utgjer 1 200 000 kronar. Fylkeskommunen disponerer desse midla fritt, og vil behovsprøve og vurdere kvar søknad. Kommunal- og moderniseringsdepartementet ønsker statusoppdatering 1. juni 2019 og endeleg sluttrapport for arbeidet som er gjort innan 1. desember 2019.

Søknadsfristen er 01. mars 2019.

Prosjektleiar
Lars Petter Klem
48893959