Fullstendig oversikt over rapportar frå Hordaland fylkeskommune.
Rapportar og statistikkHordaland fylkeskommune formidlar statistikk og kart med informasjon om Hordaland gjennom interaktive tenester, faste publikasjonar og frittståande rapportar og analysar. Fleire kunnskapskjelder og regionale føringar er å finne under kvart av dei regionale plantema.
Kart
Sentrale kartkjelder:
Kart- og planforskrift
Kart- og planforskrifta etter plan- og bygningslova 2008 inneheld bl.a. Nasjonal produktspesifikasjon for arealplan og digitalt planregister.
Hordaland fylkeskommune si kartteneste
Fylkeskommunen si kartteneste kart.ivest.no har mykje funksjonalitet. Søk på adresse, bygning og eigedom går mot Statens kartverk sin oppdaterte database. Kart.ivest.no er tilgjengeleg for alle. Karta dekkjer heile fylket og inneheld grunnkart og basisdata, samt ei mengd ulike temakart.
Statistikk og rapportar
Sentrale statistikk-kjelder
Hordaland fylkeskommune si statistikkteneste
Fylkeskommunen si interaktive statistikkteneste skal gjere det enkelt å finne fram til og å analysere data om Hordaland.
To gonger årleg vert det publisert nye rapportar i serien "Hordaland i tal". Publikasjonen inneheld statistikk frå ulike tema. I hovudsak er grunnlagsdataene henta frå Statistisk sentralbyrå.
Regional planrapport
Det vert laga årlege rapportar som skildrar status for regional og kommunal planlegging. Det er særleg arealretta og kommunale planar som får merksemd.
Rettleiingsmateriell
Nasjonale
- Kommunal- og moderniseringsdepartementet: Oversikt over veiledere om planlegging etter plan- og bygningsloven, kart- og planforskriften og forskrift om konsekvensutredning: Planlegging
- Riksantikvaren: Tema arealplanlegging
- Miljødirektoratet: Publikasjoner
- Fylkesmannen i Hordaland: Samfunnstryggleik og beredskap
- Om stedsutvikling: www.stedsutvikling.no