Forum for regionsenterkommunar
Frøydis Ones, avdelingsleiar plan i Lindås kommune
Det er stor nytte i å bruka andre sine erfaringar, ikkje minst når det gjeld å tenkja strategisk.
Regional plan for attraktive senter i HordalandForum for regionsenterkommunar er eit samarbeidsorgan for dei ti kommunane i Hordaland med regionsenter, Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland og Statens vegvesen.
Kommunane er Askøy, Bergen, Fjell, Kvam, Kvinnherad, Lindås, Odda, Os, Stord og Voss.
Føremålet med forumet er å leggje til rette for kunnskaps- og erfaringsdeling, og å koordinere og samordne bruken av verkemiddel og ressursar knytt til regionsenter.
Bakgrunnen for etableringa er målsetjinga i regional plan for attraktive senter i Hordaland: Å utvikle attraktive regionale senter, som grunnlag for vekst i heile fylket. Ansvaret er delt mellom kommunane, fylket, staten og private. God samhandling er avgjerande for resultata.
Tenester
Her finn du møteoversikt, referat og kontaktinfo som du kan trenge i arbeidet.
-
Referat og rapportar
Møtereferat og presentasjonar
-
Kontaktinfo
Oversikt kven som er med
-
Møte i forum for regionsenterkommunar
Nytt møte er ikkje fastsett