Om oss
Hordaland fylkeskommune har ei rekkje tenester til innbyggjarar, leiarar av lag og organisasjonar eller til tilsette i kommunane i fylket. Visjonen vår er "attraktiv og nyskapande". Samfunnsoppdraget vårt er "Vi utviklar Hordaland" og verdiane våre er "kompetent, offensiv og i dialog".
Kvar avdeling i fylkesadministrasjonen er inndelt i seksjonar i tråd med ansvarsområde og oppgåver.
Konst. fylkesrådmann Ingrid Kristine Holm Svendsen er øvste administrative leiar.
Om fylkeskommunen
Velg tema:
Hordaland fylkeskommune
1. januar 2020 slår Hordaland og Sogn og Fjordane seg saman til å bli Vestland fylkeskommune. Alt om denne prosessen finn du på ein felles nettstad.
Gå til vlfk.no, felles nettstad om fylkessamanslåinga
Hordaland fylkeskommune er ein av fylkets største arbeidsgjevarar med om lag 4 400 tilsette. I 2017 brukte fylkeskommunen 8 014 millionar kroner til drifta og 716 millionar kroner til renter og avdrag.
Fylkeskommunen sine inntekter kjem hovudsakleg frå fylkesskatt på inntekt og statlege rammeoverføringar. Rammene for fylkesøkonomien vert i stor grad fastsette sentralt av statlege styresmakter.
Organisasjonsnr: 938 626 367 mva.
Samfunnsoppdraget
Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalandssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.
Opplæringsavdelinga
Opplæringsavdelinga gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.
Kultur- og idrettsavdelinga
Kultur- og idrettsavdelinga utviklar eit rikt og mangfaldig kulturliv i Hordaland. Vi syter for at alle kan oppleve og ta del i tradisjonell og nyskapande kunst og kultur, idrett og fysisk aktivitet.
Vi vernar kulturminna og tar vare på historia vår for framtida. I samarbeid med kommunar, institusjonar og frivillige utviklar vi kulturen og idretten til glede for alle.
Tannhelsetenesta
Tannhelsetenesta i Hordaland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under tjue år. Vi behandlar psykisk utviklingshemma, mottakarar av heimesjukepleie, personar på sjukeheimar og rusavhengige. Vi har ein unik kompetanse som òg kjem vaksne betalande pasientar til gode.
Ved kompetansesenteravdelinga tilbyr vi spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom førebyggande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Hordaland.
Samferdselsavdelinga
Samferdselsavdelinga har ansvar for at fylket har eit funksjonelt transporttilbod med bil, bane, båt og buss.
Vi driftar, planlegg og utviklar kollektivtilbodet og fylkesvegane for at folk skal reise trygt og miljøvennleg til jobb, skule og fritidsaktivitetar.
Regionalavdelinga
Regionalavdelinga stimulerer til nyskaping, vekst og sysselsetting i Hordaland. Vi er ein pådrivar og støttespelar for kommunar og næringsliv, driv samfunnsutvikling og legg til rette for ei berekraftig forvalting av naturressursane.
Økonomi- og organisasjonsavdelinga
Økonomi- og organisasjonsavdelinga har ansvar for at Hordaland fylkeskommune har ein tenleg organisasjon og kompetanse i høve til lovverk og samfunnsutvikling. Vi syter for felles verktøy i organisasjonen og sikrar god kommunikasjon internt og eksternt.
Gjennom styringsverktøya våre har vi oversikt over Hordaland fylkeskommune sine ressursar og forvaltar fellesskapet sine verdiar på ein ansvarleg måte. I tillegg sikrar vi gode rutinar ved innkjøp, og vi tek hand om budsjett og rekneskap.
Eigedomsavdelinga
Eigedomsavdelinga er fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Samla areal på eigedomsmassen er ca. 600 000 m², og utgjer vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivanlegg, kultur og administrasjonsbygg.
Bybanen utbygging
Bybanen utbygging er ein avdeling i Hordaland fylkeskommune med ansvar for planlegging, design og utbygging av Bybanen.