Retningsliner for bruk av logo

Hordaland fylkeskommune har to logonivå:

Logonivåar.png

Nivå A: Logo for Hordaland fylkeskommune

Logopakke Hordaland fylkeskommune - alle variantar i jpg og eps (zip)
Logopakke svart/kvit Hordaland fylkeskommune - alle variantar i jpg og eps (zip)
Logopakke engelsk Hordaland fylkeskommune alle variantar i jpg og eps (zip)


Nivå B: Logo for skular og tannklinikkar

Side med logo for vidaregåande skular og fagskular
Side med logo for tannklinikkar

 

Retningsliner for bruk av logo

Bruk alltid originale logofiler med rett oppløysing. Lag aldri eigne versjonar.

Andre enn fylkeskommunen kan ikkje bruke fylkesvåpenet kommersielt utan skriftleg løyve frå fylkeskommunen.

Farge og bakgrunn
Bruk fargeversjon av logo der dette er mogleg. Alternativt kan svart eller kvit versjon nyttast. OBS! I kvit versjon er alltid øksene svarte og i svart versjon er alltid øksene kvite.

Logoen skal primært visast på kvit bakgrunn. Ikkje plasser logoen på bilete, urolege eller sterke bakgrunnar. Proporsjonane i logoen må aldri forrykkast. Avdelingsnamn, slagord eller annan info skal ikkje vere ein del av logo.

bakgrunn og format_logo.png

Storleik og avstand
Tilrådd minstestorleik i trykksaker er 7,5 mm høgde på våpenskjoldet. På A4-ark er 9 mm breidde på våpenskjold standard storleik.

Tilrådd minstestorleik i trykksaker er 7,5 mm høgde på våpenskjoldet. På A4-ark er 9 mm breidde på våpenskjold standard storleik.

Avstand og minimumsstørrelse_logo.png

Logo saman med andre
Når logoen skal stå saman med andre logoar, skal avstanden mellom logoane vere same avstanden som breidden på våpenskjoldet. Med likestilte logoar skal utrykket vere like stort. Følg heraldiske reglar når fleire logoar skal plasserast saman. Først riksvåpen så fylkeskommune, så kommune og til slutt andre.

Skyss
Profilering av Hordaland fylkeskommune sitt kollektivtransporttilbod skal ivaretakast av Skyss, som har eigen visuell profil.