Om oss
Hordaland fylkeskommune har ei rekkje tenester til innbyggjarar, leiarar av lag og organisasjonar eller til tilsette i kommunane i fylket. Visjonen vår er "attraktiv og nyskapande". Samfunnsoppdraget vårt er "Vi utviklar Hordaland" og verdiane våre er "kompetent, offensiv og i dialog".
Kvar avdeling i fylkesadministrasjonen er inndelt i seksjonar i tråd med ansvarsområde og oppgåver.
Konst. fylkesrådmann Ingrid Kristine Holm Svendsen er øvste administrative leiar.
Fakta om Hordaland
Velg tema:
Fakta om Hordaland
Oversikt og lenkje til over alle kommunar, befolkning, og fakta om fylkesstein, -fugl og -blomst og fylkesvåpenet.
Geografi
Hordaland er 15 460 km2 stort, og er delt inn i 33 kommunar, frå Modalen med berre 381 innbyggjarar til Bergen med 277 391.
Vi deler ofte fylket opp i fem distrikt utanom Bergen:
Sunnhordland
Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio, Tysnes
Midthordland
Fusa, Samnanger, Os, Austevoll, Sund, Fjell, Askøy, Øygarden
Nordhordland
Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy, Vaksdal
Hardanger
Jondal, Odda, Ullensvang, Eidfjord, Ulvik, Granvin, Kvam
Voss
Befolkning
Hordaland har 516 497 innbyggjarar (01.01.2016). Det er om lag 10 prosent av det totale folketalet i landet, og er det tredje største fylket i landet rekna etter folketal. Hordaland er eit fleirkulturelt fylke med over 61 000 innvandrarar fordelt på vel 150 ulike nasjonalitetar (2016).
Hordaland skal ha namnet sitt etter eit germansk stammenamn, Harudes, frå Sør-Tyskland. Etter namnelikskapen er den hypotesen framsett at Hordane vandra nordover og slo seg ned i eit område som seinare vart kalla Hordaland, landet til Hordane.
Fylkesblome
Kusymre (Primula vulgaris) er fylkesblome for Hordaland. Det er ein fleirårig urt i nøkleblomfamilien. Namnet kjem av at bløminga fell saman med tida for å sleppe kyrne ut på beite.
Fylkesstein
Koronitt er fylkesstein i Hordaland. Den er lys, men har klumper av mørke mineralkorn, slik at den har eit flekket, leopardaktig utsjåande. Tilhøyrar gruppa av metamorfe (omdanna) bergartar.
Fylkesfugl
Kvitryggspetten er en hakkespett på ca 24- 26 cm, og lever i områder med mye løvskog. Kjennegenes av hvite bånd som går på tvers over ryggen og svak beigerosa farge på brystet, med svarte vertikale striper på sidene.
Fylkesvåpenet
Fylkesvåpenet for Hordaland ei krone over to krosslagde øksar. Utgångsmotivet for fylkesvåpenet i Hordaland er Onarheimsseglet frå 1344.
I juli 1344 var utsendingar frå Hordafylket og mange andre bygdelag og byar i Noreg samla til kongehylling på Båhus festning. Dei lova kong Håkon Magnusson truskap i eit dokument som var sett opp 17. juli. Alle utsendingane stadfesta hyllinga med segla frå heimstaden sin. Sjølve pergamentbrevet er i god stand, men dei skøyre vokssegla som vart hengde under brevet er det til dels gått verre med.
Eitt av dei som har halde seg best, har ein tekst som viser at det høyrde til Olavsgildet på Onarheim. Langs kanten av seglet står det på latin: S'CONVIVARVM: BETI: OLAVI: DE: HONAREI. I norsk språkdrakt vert dette "Seglet åt Olavsgildet på Onarheim".
Øksane i fylkesvåpenet skal truleg symbolisera olsokdagen 29. juli og den vesle olsokdagen 3. august, den tidbolken då gildet var samla. Krona er kongekrona til Olav den Heilage, og øksane - som felte Olav - er helgenmerket hans.