Ingen kategorier er valgt

Filtrer på temaområde

Temaområde

Skal bli finast i Hordaland

Utdanning

– Dette skal bli den finaste skulen i Hordaland, seier byggeleiar Gunnar Hemre Ringheim om den nye Åsane vidaregåande skule. Til skulestart i august neste år får 1700 elevar og 200 tilsette arbeidsplass der.

Opna nytt kraftsenter for sveis

– Det nye Vestland fylke er eit viktig industrifylke. Vi bør ta ei leiande rolle innan grøn konkurransekraft, digitalisering og kompetanseutvikling, sa fylkesvaraordførar Pål Kårbø då han opna det nye Kraftsenter for sveis på Kokstad.

– Pårørande til demente må ikkje bli utarma

Politikk

– Det er viktig å ha eit støtteapparat og verkemiddel som kan hjelpe demente, slik at ikkje dei pårørande rundt blir heilt utarma, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun på eldrerådskonferansen for Hordaland.

Ungdomen i Vestland slår seg saman

Politikk

– Vi ser på samanslåing og samarbeid som positivt. Vi blir større og får meir makt, seier Marthe Teigen Refsnes og Oda Medhus. I helga slår fylkestinga for ungdom i Sogn og Fjordane og Hordaland seg saman til eit felles fylkesting for ungdom i Vestland.

Folkemusikkstipend til fire utøvarar

Kultur Politikk

Dei to folkemusikkstipenda til Hordaland fylkeskommune går i år til Ole Gjerde og Kjersti Wiik som får 50 000 kroner kvar. Stipenda til utøvarar under 30 år, «Folkemusikk Ung stipend», går til Johanna Mjeldheim og Ingrid Standal Sørheim som får 25 000 kroner kvar.

– Dei unge må ikkje gjere same feil som eg

Utdanning

– Eg kjende meg avvist, var sårbar. Far min var valdeleg. Eg var sint og vart radikalisert, men eg vil ikkje at unge i dag skal gjere same feilen som eg gjorde. Det sa Alyas Karmani, tidlegare ekstremist, på kurs i førebygging av radikalisering i Bergen.

Budsjettarbeidet for Vestland er i gang

Politikk

Fylkestinget 17. og 18. desember skal endeleg godkjenne det første budsjettet for Vestland fylkeskommune. Nytt er at det ikkje er fylkesrådmannen, men finansutvalet som skal fremje budsjettforslaget. Finansutvalet hadde sitt første møte i Bergen i dag.

Sette ny norsk rekord i simultansjakk

Politikk Utdanning

– Eg har ikkje spela mot så mange før. Dette blir ny rekord, sa den internasjonale sjakkmeisteren, Joachim B. Nilsen, som 23. oktober spela simultansjakk mot 269 motspelarar på Olsvikåsen videregående skole.

– Vestland må bli større enn Oslo

Politikk

– Vestland blir på storleik med Oslo. Ambisjonen må vere å bli større enn Oslo, sa kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland i talen til det nye Vestland fylkesting i Håkonshallen 15. oktober.

Skal gjere sitt beste for oss alle i Vestland

Politikk

– Eg skal gjere mitt beste for oss alle i denne første perioden i Vestland fylke, sa nyvald fylkesordførar Jon Askeland (Sp) på det første fylkestinget i Vestland. Han vart vald med 46 røyster. Silja Ekeland Bjørkly (H) fekk 19 røyster.

Vestland får spreke fylkesfargar

Politikk

I samband med konstituerande fylkesting blir dei første smakebitane av Vestland fylke sin visuelle identitet presentert. Det nye fylket får spreke fargar og visuelle tilleggselement i fugleperspektiv.

Her er fylkesordførarkjedet til Vestland

Politikk

16 motiv frå heile Vestland dannar det rykande ferske fylkesordførarkjedet som den nye fylkesordføraren får overrekt i Håkonshallen tysdag kveld. Motiva er nøye valde. Her skal det vere noko som alle kan kjenne seg igjen i. Her er alt frå fjordhest og sild, til Bryggen og bru …og ein QR-kode.

Innbyggarar i Vestland til historisk markering

Politikk

Vestland fylkesting blir konstituert tysdag 15. oktober i starten av det to dagar lange møtet. Til den høgtidlege markeringa i Håkonshallen same kveld er det òg gjort rom for ti innbyggarar frå Vestland.

Det første fylkestinget i Vestland

Politikk

Den historiske første samlinga for Vestland fylkesting finn stad den 15. og 16. oktober på hotell Norge i Bergen. Leiar av fellesnemnda Anne Gine Hestetun starter møtet, men vil raskt gje klubba og leiinga vidare til Vestland sin første fylkesordførar.

Vestland får to UKM-festivalar i 2020

Kultur

Den store Ung kultur møtest-helga (UKM) i Vestland, 2020, går av stabelen 24.–26. april. Då blir det to festivalar, den eine i Nordfjordhallen i Måløy, den andre i Voss kulturhus på Voss.

Bokbåttenesta fyller 60 år

Kultur

Bokbåten fyller 60 år 21. september. I 1959 byrja bokbåtenesta i Hordaland, først «Abdulla» og så «Epos» sidan 1963.

Sjå fleire treff