– Dette er ein god avtale for den vidare utviklinga av Bergensområdet, seier påtroppande fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland, etter at det er semje om ein byvekstavtale med 13 milliardar kroner frå staten i perioden fram til 2029.
Med ni mot seks stemmer vedtok Hordaland fylkesutval at Haukeland sjukehus blir namnet på bybanestoppet som kjem ved Haukeland universitetssjukehus og Haraldsplass Diakonale Sykehus.
– Dette var ei hyggeleg overrasking, seier Anja Jansen Horn, passasjer nummer 100 millionar med Bybanen. Til lyden av trommevirvlar tok fylkesordførar Anne Gine Hestetun imot den lykkelege passasjeren, då ho steig på Bybanen på Sletten.
– Endeleg fekk vi denne prisen, jubla Svein Arne Hatlevik då Jon Askeland delte ut trafikksikringsprisen for Hordaland 2019 til Trafikkfagleg Samarbeidsutval i Nordhordland (TSU).
Som følge av regionreformen blir administrasjonen av fylkesvegoppgaver overført frå Statens vegvesen til fylkeskommunene 1. januar 2020. I den samanheng lyser Vestland ut opp mot 100 nye stillinger.
Eit samrølystes Hordaland fylkesting ber om belønning for utsleppskutt i kollektivsektoren i statsbudsjettet for 2020 og ønskjer eit tilskot på 1000 kroner pr. tonn CO2 som fylkeskommunen kuttar.
– Dette er eit nytt og godt tiltak for å få ned farten på vegane, seier Jon Askeland, leiar av fylkestrafikksikringsutvalet i Hordaland, etter at ein ny type fartsdump skal prøvast ut for første gong i Noreg.
Fylkesutvalet vedtok i dag å utsetje behandlinga knytt til rutetilbodet på fylkesvegferjene frå 2020. Politikarane vil ha eit oversyn som viser meirkostnad og miljøkonsekvensar dersom dagens rutetilbod ikkje skal kuttast i.
Skyss har tildelt kontraktane for å køyre buss i Bergen nord til Tide Buss AS, og Keolis Norge AS har fått kontrakten for Bergen sentrum. Skyss har stilt krav om at dei fleste bussane i nord skal gå på biogass, og at 75 prosent av bussdrifta i sentrum skal vere elektrisk.
Hordaland fylkesting forventar at staten bidreg med høgare rammer når byvekstavtalen skal reforhandlast i 2021. Tinget viser til gode resultat med redusert biltrafikk og auka kollektivtrafikk.
Ingen av forslaga på Hordaland fylkesting om bomstasjonplassering i Åsane bydel fekk fleirtal. Dermed er det ikkje noko vedtak i saka, og det vil truleg ikkje skje noka endring i plassering av bomstasjonane.
Like over påske, frå tysdag 23. april, blir det stor omlegging av busstrafikken i Bergen sentrum. Olav Kyrres gate blir stengt for oppussing og 35 bussruter får nye haldeplassar.
Utval for miljø og samferdsel i Hordaland har løyvt 42 millionar kroner til ulike tiltak som skal gjere skulevegar i Hordaland tryggare. I alt blir pengane fordelt på 29 tiltak i 20 kommunar.
Arbeidet med å bygge den lengste sykkeltunnelen i verda er i gang. Sprengingsarbeidet har starta i Fyllingsdalen. Den 2900 meter lange sykkeltunnelen skal gå parallelt med den nye bybanetunnelen. Gjennomslag er venta i november 2020.
– Dette er ei offensiv satsing på grønt skifte og miljøvenleg transport. Då vi behandla det nye bussanbodet, løfta vi miljøprofilen betydeleg, som eit naturleg framhald av fergeanboda. For dei styrande partia i Hordaland er dette svært viktig, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun etter at Enova gir 36 millionar kroner til elektrifisering av bussar i Bergen.
– Vi gjer no endringar i arbeidet med neste Nasjonal transportplan. Dette inneber politisk medverknad tidlegare i arbeidsprosessen og moglegheit til å spille inn prioriteringar knytt til rassikring, sa samferdselsminister Jon Georg Dale på Nasjonal rassikringskonferanse på Flesland i dag.
– Vi er svært glade, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun etter at kollektivtrafikken i Hordaland sette ny rekord i fjor med heile 73 millionar påstigingar. Bybanen aukar mest med heile 18 prosent, men buss og båt har og fin auke.
– Kollektivtrafikk er ein av våre viktigaste saker, og pris har mykje å seie for å få fleire til å reise kollektivt, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun etter at mange av billettprisane blir lågare, og fleire barn får reise gratis.