Den regionale planstrategien for perioden 2020 til 2024 skal stake ut kursen for det nye Vestland fylke. Fylkesutvalet vedtok 3. desember formelt å starte arbeidet med planstrategien.
– Verda er i endring. Vi må starte det «grøne skiftet» no, og vi skal gjere det saman, sa fylkesvaraordførar i Vestland, Natalia Golis, på plankonferansen for Hordaland.
Tenker du at sølepyttar er ein uting? Då barna i Hetlevik på Askøy fekk i oppgåve å finne kva dei liker og kva dei ikkje liker i sitt nærmiljø, kom dei til ein heilt annan konklusjon.
Det at dagens fylkesgrense forsvinn ved opprettinga av Vestland fylke, prega dialogmøtet i Sløvåg i Gulen 7. februar. Infrastruktur, skuleval, kollektivtrafikk, vindkraft og næringsutvikling var tema som gjekk att.
Verdiskaping og innovasjon blir sett som den største styrka og samferdsel og infrastruktur den største utfordringa i Bergen og kringliggande kommunar. Dette viser spørjeundersøkinga som i dag blei presentert på det første av fem dialogmøte om viktige vegval for det nye vestlandsfylket.
No skal politikarane møte innbyggarar, kommunar og aktørar i regionane for å få innspel til planstrategien for vårt nye fylke. Sjå tid og stad for dei fem møta.
Korleis ser ein skule, eit nabolag eller ein arbeidsplass ut når det bidreg til god trivsel og helse for alle? Dette diskuterte fagfolk frå ulike sektorar på Stord då Hordaland fylkeskommune og Stord kommune inviterte til samling om universell utforming.
Kan vi leve av kystsona i framtida og samtidig bevare sårbar natur? Kva skal til for å balansere næringa og fellesskapets interesser? Dette og fleire spørsmål skal drøftast på Plankonferansen dei to neste dagane.
Kompetanseforum Hordaland hadde i går sitt første møte. Toppleiarar frå viktige samfunnsinstitusjonar i fylket inngår no eit forpliktande samarbeid for å løyse utfordringar som gjeld kompetanse og arbeidskraft.
Temaplan for landbruk i Hordaland 2018-2022 er ein ny plan som skal bidra til å sikre ei berekraftig utvikling av landbruket i Hordaland. Hordaland fylkeskommune inviterer no kommunar og relevante organisasjonar i næringa til å komme med innspel før planen skal opp til endeleg politisk behandling.
– Vi må ta utfordringa og få slutt på utbyggarstyrt vilkårleg planlegging og utvikling, sa assisterande fylkesmann Rune Fjeld på plankonferansen i Hordaland tysdag 17. oktober.
Fylkestinget i Hordaland har vedteke regional kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger. Planarbeidet har vore eit pilotprosjekt i regional kystsoneplanlegging.
Planen for langsiktig arealforvalting av Hardangervidda skal no rullerast. Planprogrammet er ute på offentleg høyring. Planen skal balansere bruk og vern. Den er viktig for framtida til villreinen, men den skal og leggje til rette for næringsutvikling og turistliv.
Hordaland fylkeskommune har tildelt 925 000 kroner til kommune- og tettstadutvikling i sju kommunar i fylket: Askøy, Osterøy, Os, Lindås, Radøy, Bømlo og Fedje.
Fylkestinget har i dag vedteke regional areal- og transportplan for Bergensområdet for perioden 2017-2028. Planen omfattar Bergen og nabokommunane og skal blant anna gje føringar for bustadbygging og næringsareal, kollektivtransport og gode nærmiljøkvalitetar.
– Dette er eit spennande pilot- og føregangsprosjekt som har stor overføringsverdi, seier leiar Beate Husa, etter at utval for kultur, idrett og regional utvikling i Hordaland har løyvt 400 000 kroner til å etablere steinalderstien i Fosnstraumen i Austrheim kommune. Her er det spor etter menneske heilt attende til den første busettinga i Noreg.
Lurar du på korleis fylkeskommunen arbeider med samfunnsutvikling? Den regionale planstrategien er fylkespolitikarane sitt plandokument og ein overordna plan for utviklinga av hordalandssamfunnet.
– Det hjelper ikkje kor flinke vi er om vi ikkje greier å løyse sakene i lag, sa kommunalsjef Aina Tjosås i Os då forum for regionsenterkommunar i Hordaland etablerte seg i dag. Forumet er for dei 10 regionsentra i fylket, fylkeskommunen, fylkesmannen og Statens vegvesen.
Utval for kultur, idrett og regional utvikling i Hordaland fylkeskommune seier delvis ja til Bergen kommune sin plan om utbygging av Vårheia bustadområde i Arna. Utvalet opnar for utbygging i det nedre området og at ei utbygging av det øvre området vert utsett til seinare.
– Balansegangen mellom fortetting og folkehelse er vanskeleg. Det er her konflikten er, sa seniorrådgjevar Grete Riise hos fylkesmannen på fylkesplankonferansen for Hordaland.
Buområdet Måken på Damsgård i Bergen er eit døme på godt urbant bumiljø med livskvalitet som fremjar folkehelse. Her har Bergen kommune, BOB og foreldre gått saman om å byggje husvære for funksjonshemma.
Smelteverkstomta skal bli ein ny bydel i Odda. Området skal bli eit levande sentrumsområde for både offentlege og private og gje vekst for turisme og næringsliv.
Den framtidige kursen for Hordaland blir no staka ut. Ein ny regional planstrategi skal vise dei viktigaste utfordringane framover og korleis fylket skal løyse desse.