– Offentlege verksemder gir dermed eit samla tydeleg signal til bransjen om at dei òg må arbeide for å reduserer utsleppa, seier fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun.
Eit samrøystes Hordaland fylkesting seier nei til vindkraft på land i Hordaland. Ved vindkraft til havs, må det tas omsyn til miljø- og fiskeriinteresser.
Eit samrølystes Hordaland fylkesting ber om belønning for utsleppskutt i kollektivsektoren i statsbudsjettet for 2020 og ønskjer eit tilskot på 1000 kroner pr. tonn CO2 som fylkeskommunen kuttar.
Korleis kan klimavenleg gardsdrift bli eit fortrinn for lønsemd? Og korleis leggje til rette for klimavenleg arealbruk? Dette blei diskutert av dei 150 deltakarane på landbrukskonferansen som Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar arrangerte saman med Fylkesmannen i Vestland sist veke.
Hordaland fylke gir 13 millionar til 14 grøne næringsutviklingsprosjekt. Prosjekta handlar mellom anna om rein kraftforsyning til cruiseskip, fremjing av urbant og klimasmart landbruk, og om korleis etablere eit økonomisk berekraftig biogassanlegg for Hardangerregionen.
Fylkesutvalet vedtok i dag å utsetje behandlinga knytt til rutetilbodet på fylkesvegferjene frå 2020. Politikarane vil ha eit oversyn som viser meirkostnad og miljøkonsekvensar dersom dagens rutetilbod ikkje skal kuttast i.
Resultata frå dialogmøte med innbyggjarar, spørjeundersøkingar, statistikk og analyse er no klart. Nye Vestland fylkeskommune står overfor ti hovudutfordringar, og fem av dei er på ulikt vis klimarelaterte.
– Varmen i april, etterfølgt av kuldeperioden i mai, kan vere årsaka til sverminga, seier birøktar Bjarte Tennfjord som er ansvarleg for biene på terrassen til fylkeshuset.
Det var den tydelege bodskapen frå klima- og naturressurssjef i Hordaland fylkeskommune, Sølve Dag Sondbø, under den fjerde nasjonale klimaomstillingskonferansen i Sogndal 25. april.
– Det er lett å rydde, men ikkje lett å ta med seg og levere til forsvarleg avhending. Vi må få ei nasjonal ordning for handtering av marint søppel, sa Ruben Oddekalv i Norges Miljøvernforbund på konferansen om samordning av arbeidet mot marin forsøpling på Vestlandet.
– Dette er eit flott engasjement av ungdommen i Bergen, Hordaland og verda for klima. Vi må vere fleksible slik at elevane ikkje får fråvær i ei så viktig sak, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun då fylkesutvalet behandla klimaaksjonen til elevane.
Som første skule i Hordaland lagar Arna vidaregåande skule eigen straum, med 560 solcellepanel på taket. Og det er ikkje berre lågare straumrekning som kjem godt ut av prosjektet.
Digitale verktøy for risikoanalyse, etablering av vatnkontor og nye måtar å organisere arbeidet i kommunane på. Dei 80 deltakarane på Klimathon viste stort engasjement då dei presenterte sine løysingar for god klimatilpassing.
«Besteforeldrenes klimaaksjon» får Hordaland fylkeskommune sin miljøpris. Dei får prisen for for si tydelege stemme i klimakampen på tvers av generasjonar. Prisen på 50 000 kroner blei delt ut på fylkestinget tirsdag.
Kva har einsame bananar med folkebiblioteket å gjere, spør du? Dei er med i matreddar Mette Nygård Havre sin foredragsturné, der merksemd om matsvinn skal få deg til å bli ein betre forbrukar.