Viser saker for 1 kategorier

Filtrer på temaområde

Temaområde

Leverer og jobbar godt i Hordaland

Næringsutvikling

– Næringshagane og inkubatorane i Hordaland leverer og jobbar godt, seier Oddrun Englund, regional koordinator for SIVA på Vestlandet. Godt samarbeid er årsak til at mange bedrifter lukkast i marknaden.

Folkefest med mat frå havet

Næringsutvikling

For første gong vart UNESCO sin gastronomi-dag skipa til i Bergen. Det skjedde med folkefest på Nøstetorget søndag 18. juni. Mat frå havet var hovudtema. Fiskebåtar låg til kai, det var marknadsplass, smaksprøver og populærvitskaplege føredrag.

Opna visingssenter for ciderproduksjon

– Hordaland fylkeskommune har stått i spissen, fått pengar frå EU og etablert mange visingssenter for gamle handverkstradisjonar på Vestlandet, seier næringssjef Mette Nora Sætre. I dag opna landbruksministeren og EU-ambassadøren Ciderhuset Économusée som det 13. i Noreg.

Skal hjelpe arbeidslause tilbake i jobb

Næringsutvikling

– Det er tøft og krevjande å vere arbeidslaus. Vi gjer det vi kan for å få arbeidslause tilbake i jobb, sa byrådsleiar Harald Schjelderup då han offisielt opna den nye Mulighetsbanken. Den skal vere eit springbrett for å gje arbeidslause jobb.

Skal skape liv og lyst på Møhlenpris

Næringsutvikling

Hordaland fylkeskommune går i bresjen for å skape liv og lyst på Møhlenpris. For første gong blir eit urbant lokalsamfunn med i programmet LivOGLyst. Det skal få lokalsamfunnet til å gløde gjennom nye aktivitetar og møteplassar.

Gode grannar styrka lokalmiljøet på Unneland

Næringsutvikling

I 2010 bestemte Unneland grendalag seg for å gi lokalmiljøet eit løft. Seks år seinare har bygda både kulturhus og eigen festival. Prosjektet er mellom anna finansiert gjennom midlar frå LivOGLyst – eit opplegg for lokal samfunnsutvikling i Hordaland fylkeskommune.

Tørrfisk skal setje Bergen på kartet

Næringsutvikling

– Gjennom tørrfisken har vi fellesskap med store delar av Europa. No ønskjer vi å gjere historia om tørrfisken meir kjend, seier Terje Inderhaug i Hordaland fylkeskommune som står i bresjen for eit stort internasjonalt tørrfiskseminar under Hansadagane i Bergen laurdag 11. juni.

Statsministeren: – Hordaland viser regionalt ansvar

Næringsutvikling

– Det er flott at Hordaland fylkeskommune viser det regionale ansvaret sitt, seier statsminister Erna Solberg etter møte med fylkesordførar Anne Gine Hestetun og resten av omstillingsutvalet i fylket. Solberg fekk høyre kva Hordaland gjer for å bøte på problema i oljerelatert verksemd.

24 mill. kr skal få i gang nye næringar

Næringsutvikling

– Vi merker eit aukande behov for offentlege stønadsmidlar til å hjelpe personar og bedrifter til å finne nytt næringsgrunnlag, seier næringssjef Mette Nora Sætre i Hordaland fylkeskommune. For å få i gang nye næringar skal fylkeskommunen dele ut 24 millionar kroner.

Sjå fleire treff