– Før eksporterte vi kol. No eksporterer vi kunnskap, seier professor Ole Petersen i Cardiff som saman med professor Matthias Kaiser i Bergen er med i eit europeisk nettverk av forskarar og universitet som gjev råd til EU-kommisjonen.
Det er god julestemning i den norske sjømannskyrkja i Cardiff. Medlemmer av den norsk-walisiske vennskapsforeningen fyller kyrkja med familie og venner til julefeiring.
Folket i Sogn og Fjordane og Hordaland gav ein million kroner til å gjenreise den norske sjømannskyrkja i Cardiff. 15. desember feira kyrkja 150 årsjubileum.
– Det var veldig kjekt å treffe ambassadøren, seier Anastasia Svolsbru, ein av elevane frå Hordaland som går på vidaregåande skule i Cardiff. Elevane møtte den norske ambassadøren til Storbritannia i den 150 år gamle norske sjømannskyrkja i hovudstaden i Wales.
Denne sommaren kan turistar reise som dei lokale i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. Konseptet «Travel like the locals» blir no utvida frå Møre og Romsdal til heile Vestlandet.
– Eg er imponert over partnarskapen som er bygd opp – ein interessant miks av regionar, ekspertar og næringslivsorganisasjonar. Vi gler oss til å samarbeide med dykk, sa Bård Sandal, fylkesdirektør for regional utvikling, på Kick off-konferansen til EU-prosjektet «Right skills for the right future».
Jula har starta i Edinburgh med tenninga av grana som er ei gåve frå Hordaland til hovudstaden i Skottland. Jon Askeland, leiar av utval for miljø og samferdsel, leia den norske delegasjonen over Nordsjøen.
– Prisen stadfestar at vi har ein veldig fin og funksjonell skule, seier rektor Svein Inge Styve etter at Voss vidaregåande skule er tildelt «The International Architecture Awards» for 2018.
Det sterke vennskapet mellom Hordaland og Cardiff blir markert med utstillinga «Prisoner of War» i den norske sjømannskyrkja i hovudstaden i Wales. Ordføraren i Cardiff opna utstillinga der mange gjester frå Hordaland deltok.
Den norske sjømannskyrkja i Edinburgh er 150 år. Jubileet vart markert med deltakarar frå Hordaland og Skottland over tre dagar der det gode vennskapet over Nordsjøen vart feira.
Eit nytt EU-prosjekt skal få ned fråfallet i den vidaregåande skulen. Fire land, Noreg, Finland, Spania og Nederland, skal utvikle nye læremetodar som skal betre gjennomføringa i yrkesfag.
Hordaland fylkeskommune skal leie eit prosjekt med fjorten partnarorganisasjonar frå sju land i nordsjøområdet. Prosjektet Right skills for the right future får 17 millionar kroner til å løyse utfordringar i framtidas arbeidsmarknad i næringar knytta til hav og energi.
– Vi har eit langt vennskap, seier fylkesordførar Harvey Johnston på Orknøyane. – Dette møtet skal bringe oss nærmare kvarandre, seier fylkesvaraordførar Pål Kårbø. Over tre dagar blir det gode vennskapet mellom Orknøyane og Hordaland markert.
Fylkesutvalet har vedteke å etablere ei ordning der organisasjonar og stiftingar kan søke om å få tildelt utrangert PC-utstyr frå Hordaland fylkeskommune. I dag har dei vedteke å tildele PC-utstyr til fire hjelpeorganisasjonar.
– Det er spennande å smake ny mat frå andre land. Sjølv om eg helst et italiensk mat, synest eg maten i Norge er god, seier Giovanni (17) frå Como i Italia. Torsdag deltok han på matfestivalen «Taste my country» på Amalie Skram vidaregåande skule saman med utvekslingselevar frå fleire europeiske land.
– Det er spennande at Hordaland fylkeskommune har vore med og fått dette i gang, seier Beate Husa, leiar av utval for kultur, idrett og regional utvikling. I dag vart 25 årsjubileet for det internasjonale nettverket rundt économuséa markert i Bergen.
– Vi skal fornye vennskapsavtalen med Hordaland, og no blir heile Normandie med, seier visepresident Claire Rousseau i Normandie. I dag starta arbeidet med ny avtale. Ein fransk delegasjon er på plass i Bergen.
– Vi har hatt eit godt samarbeid i mange år, og vi ser fram til vidare samarbeid, seier Emily Daly i Cardiff kommune. Ho var ein av mange som deltok på 25 årsjubileet for gjenreisinga av den norske sjømannskyrkja i den walisiske hovudstaden.