– Dette var gøy, seier Sunniva Skeie Eidsaa i Bergen Storm CHeerleading, som tok bronse i VM i cheerleading i Orlando, USA, saman med tre lagvenninner i april i år. 6. desember vart dei heidra av Hordaland for prestasjonen og takka med å vise kva dei kan.
– Det er utruleg kjekt med så mange, gode prestasjonar, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun då ho delte ut utviklingsstipend til seks idrettsutøvarar frå Hordaland. Alle får 30 000 kroner kvar.
I det aller siste møtet til utval for kultur, idrett og regional utvikling i Hordaland delte politikarane ut over 18 millionar kroner til diverse kulturelle tiltak, mellom anna 6,6 millionar kroner til kulturelle utviklingsprosjekt (KUP).
– Vi ønskjer å legge til rette for fleire nyskapande og innovative aktivitetsanlegg, seier fylkesidrettssjef, Britt Karen Spjeld. Vestland fylkeskommune har inngått samarbeid med danske Lokale- og Anlægsfonden.
I 2020 skal Vestland fylkeskommune fordele omlag 220 mill. kr. i spelemidlar til anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Anleggspolitikken og kriteria som skal liggje til grunn for fordelinga er no klare.
Årets utdeling er den største fordelinga til anlegg for idrett og fysisk aktivitet nokon gong. Slåtthaug idrettspark, Tjønnen idrettsplass Frøya og Hjeltefjorden Arena er blant idrettsanlegga som no får midlar.
– Vi har eit forslag til ny visjon om at vi skal vere fysisk aktive kvar dag, sa Britt Karen Spjeld på konferansen om idrettsanlegg i den nye Vestland fylkeskommune. Ho er seksjonsleiar for idrett og friluftsliv i Hordaland fylkeskommune.
Hordaland fylkeskommune har tildelt utviklingsstipend til fem lovande utøvarar. Det blei og heidra seks idrettsutøvarar for særleg gode resultat i år, då dei har vunne medalje i VM eller OL i 2018.
Alexander Andersen (20 år) frå Sotra fekk onsdag Hordaland fylkeskommune sitt stipend for gateaktivitet, for sine ferdigheitar innan treningsdisiplinen tricking. Det er ein kombinasjon av kampsport og turn.
– Kunst, kultur og idrett skal ha stor plass i den nye regionen, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun då ho opna den 42. kultur- og idrettskonferansen i Hordaland. Mangfald, deltaking og fellesskap stod på programmet.
Utval for kultur, idrett og regional utvikling (KIRU) vedtok onsdag ei samla løyving på 6 500 000 kroner fordelt til 20 søkjarar gjennom kulturelt utviklingsprogram (KUP) for 2017. No Fringe Festival Bergen stikk av med den største potten.
– Vi er utruleg begeistra over arrangementet og går berre rundt og smiler, oppsummerer fungerande fylkesordførar Pål Kårbø etter at Sykkel-VM er vel i hamn.
– Arrangementet her er heilt fantastisk. Folk viser ein enorm begeistring. Eg ser ikkje mange sure fjes, seier fungerande fylkesordførar Pål Kårbø. Han håpar Sykkel-VM kan få store positive effektar framover.
– Det er utruleg gøy med folkefest. Bilen står, og folk bussar, syklar eller går. Folk er glade. Det er god stemning her i byen, seier Anne Mette Nesje Porten. Hordaland fylkeskommune er representert på stand på Bryggen for å oppmode til fysisk aktivitet og folkehelse.