Stadig fleire barn veks opp i heimar med låg inntekt. 25 prosent av femteklassingane er på lågaste nivå i lesing, og i delar av den nye regionen kan snart ein av tre vere over 67 år. Dette kjem fram i den første folkehelseoversikten for det nye fylket.
– Eg er utruleg stolt. Skulen og elevane har fått ei viktig rolle med å jobbe førebyggande, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun, då den første skulen på Vestlandet vart sertifisert som “rein skule” i antidopingarbeidet.
Tenker du at sølepyttar er ein uting? Då barna i Hetlevik på Askøy fekk i oppgåve å finne kva dei liker og kva dei ikkje liker i sitt nærmiljø, kom dei til ein heilt annan konklusjon.
Hordaland fylkeskommune spanderer gratis vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse til elevar mellom 16 - 19 år som ikkje allereie er vaksinerte. Tilbodet gjeld òg elevar ved privatskulane.
Visste du at Hordaland fylkeskommune jobbar for at du som bur i fylket skal vere i aktivitet, ha arbeid, kunne ta utdanning, føle trivsel og vere inkludert i gode fellesskap? Ein ny film viser breidda i dette folkehelsearbeidet.
Resultata frå folkehelseundersøkinga i Hordaland er klar, og det er fleire funn som kan vere overraskande. Mellom anna rapporterer dei eldre at dei har det stort sett betre enn dei yngre på mange område, og det å ha grøntområde rundt seg er viktig for trivselen for to av tre.
Korleis ser ein skule, eit nabolag eller ein arbeidsplass ut når det bidreg til god trivsel og helse for alle? Dette diskuterte fagfolk frå ulike sektorar på Stord då Hordaland fylkeskommune og Stord kommune inviterte til samling om universell utforming.
26,5 millionar kroner vil Hordaland fylkeskommune bruke på å bygge nye sykkelvegar i Fjell og på Stord. Fylkesutvalet har vedteke å fordele pengane på fem tiltak. Det er ein føresetnad med statleg bidrag.
Hordaland fylkeskommune har valt ut dei første programkommunane i tilskotsordninga til Program for folkehelsearbeid. Dei involverte kommunane utgjer omtrent 75 prosent av befolkninga i Hordaland.
116 000 barn og unge i Hordaland kan no få hjelp av mobbeombodet om dei ikkje har det bra i barnehagen eller på skulen. Dermed er det ikkje berre vidaregåande elevar som får dette tilbodet, men også dei som er yngre.
Einsemda blant ungdom i Hordaland er høgare enn den har vore tidlegare og så mange som 26 prosent av elevane i vidaregåande skule seier dei er plaga av einsemd. Det er fleire jenter enn gutar som er plaga.
Har du motteke invitasjon til å delta i den store folkehelsehelseundersøkinga i Hordaland, men enno ikkje svart? Då må du skunde deg å svare før 16. mai slik at synspunkta dine kjem med.
Fylkeskommunen er klar for å starte samarbeid med inntil seks kommunar i eit nasjonalt prosjekt som skal betre barn og unge si psykiske helse. – Vi inviterer no alle kommunar til å søkje i den første runden av dette svært viktige arbeidet, seier Bård Sandal.
Korleis har du det og korleis trivst du i nærmiljøet ditt? Dette er noko av det om lag 70 000 hordalendingar blir spurde om i den største folkehelseundersøkinga som er gjennomført i Hordaland.
Hordaland fylkeskommune skal bruke 36 millionar kroner over seks år for at barn og unge skal få betre trivsel, livskvalitet og helse. – Dette er eit betydeleg bidrag til eit svært viktig arbeid i fylket, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.
Hordaland fylkeskommune skal setje i gang eit krafttak for å betre den psykiske helsa til barn og unge i fylket. 16. januar vart det første nettverksmøtet mellom fylkeskommunen, kommunar i fylket, statlege etatar og KS gjennomført.
– Eg likar laks, seier Mahias (5). Han er i ferd med å skjere opp laks til fisketaco som barna i Havhesten barnehage skal ete til lunsj. Barnehagen er med i prosjektet Fiskesprell som er ei satsing Hordaland fylkeskommune har for betre kosthald og folkehelse.