Ville heller til Cardiff enn USA

– Eg trur eg er den einaste frå Øystese som har gått på skule her i Cardiff. Alle andre vil heller gå i USA-klassen som Øystese har hatt i mange år, seier Mathias Hauger, ein av 19 elevar frå Hordaland som går 2. året på vidaregåande skule i hovudstaden i Wales.

19 elevar frå Hordaland utgjer den såkalla Hordalandsklassen i Cardiff dette skuleåret. Men dei går på fem ulike skular og tek ulike fag. I fritida er dei mykje saman, og søndag 15. desember deltok dei i 150 årsjubileet i den norske sjømannskyrkja, som er blitt som ein heim for dei.

CardiffElevB5932N1000.jpg

Dei norske elevane i Cardiff deltok under 150-årsfesten for den norske sjømannskyrka saman med Bjørn Brekkan (internasjonal koordinator) og rektor Kari Espelund Bruvik (begge ved Knarvik vidaregåande skule. t.v.) og fylkesdirektør for opplæring, Bjørn Lyngedal og fylkesvaraordførar Pål Kårbø (t.h.).

400 elevar gjennom 23 år 

I 23 år har 400 elevar frå Hordaland gått på vidaregåande skule i Cardiff. Fylkesdirektør for opplæring, Bjørn Lyngedal, er svært nøgd med tilbodet.

– At vi har hatt elevar her borte så lenge viser at det er kvalitet på skulane i Wales. Vi har fått positive tilbakemeldingar frå entusiastiske elevar. Det er den beste garantien for at nye elevar vil reise hit. Eg trur den viktigaste årsaka til suksess er mottakinga elevane får her. Cardiff er varm og gjestfri overfor våre elevar. Her er elvane trygge, og opphaldet er godt organisert av Cardiff kommune saman med den norsk-walisiske vennskapsforeningen, seier Bjørn Lyngedal som møtte elevane under 150 årsjubileen for den norske sjømannkyrkja.

Flotte ambassadørar

Fylkesordførar Pål Kårbø møtte elevane i Wales og er djupt imponert. 

– Våre elevar i Cardiff er eit godt døme på det gode vennskapet vi har hatt med Cardiff i mange år. Elevane våre kjem ikkje berre heim med forbausande gode språkkunnskapar, men er og blitt fullt engasjert i det walisiske livet og blitt flotte ambassadørar, seier Pål Kårbø.

CardiffElevB6083N1000.jpg

Simon Mellingen (Bergen Katedralskole) er på elevsamtale med rektor Kari Espelund Bruvik og internasjonal koordinator ved Knarvik vidaregåande skule, som administrerer elevane i Cardiff.

Flinke til å inkludere

Mahias Hauger gjekk det første året på vidaregåande på Kvam vidaregåande skule.

– Skulen har hatt ein klasse i USA i mange år, og det er populært å søke der. Men så fekk eg melding på It’s learning om skuletilbodet her. Det var ingen på skulen som fortalde oss om det. Eg kjenner meg meir heime i Cardiff enn i USA. Eg likar å bu heime hos ein familie og stortrivst der. Dei har hatt norske elevar i over 20 år og er flinke til å inkludere meg. Det fine er at eg blir teken så godt vare på og får snakke engelsk heile tida. I USA bur elevane på internat.

Mathias likar seg godt på skulen.

– Det er svært kjekt. I byrjinga var det hardt, men etter kvart kom eg inn i den daglege rutinen. Her er det meir disiplin en heime. Og eg har lært mykje engelsk. Eg blir fortalt at eg snakkar engelsk som ein innfødd. Det tek eg som eit kompliment. Eg har fått verdifull erfaring her og vil tilrå andre å ta eit skuleår her. Men det skal og bli kjekt å kome heim og gå tredje året i Øystese, seier Mathias Hauger.

Alt er billegare

Asbjørn Vevle kjem frå Osterøy vidaregåande skule.

– Eg likar meg stort sett bra. Vi får stipend frå lånekassa, men alt er billegare her enn heime. Eg bur greit og undervisinga går fint, men eg er redd for at matematikken ikkje er på same nivå som heime. Eg har hatt matematikk på det høgaste nivået. Nivået her er ikkje så høgt som heime, men eg klagar ikkje, seier Asbjørn Vevle.

CardiffElevB6058N1000.jpg

– Vi har utvikla oss mykje her, blitt meir sjølvstendige og har fått mange nye venner, både norske og walisiske, seier Guro Reinsnos Kambestad (Bergen Katedralskole, t.v.) og Mille Sofie Torvund (Knarvik vidaregåande skule).

Gøyt og kult 

Guro Reinsnos Kambestad frå Bergen Katedralskole og Mille Sofie Torvund, frå Knarvik vidaregåande skole er blitt gode venner i Cardiff.

– Skulen her er veldig annleis enn i Noreg, folk er annleis og har andre vanar, og det er annleis å bu hos ein framand familie, men det er gøy. Dette er ei oppleving for livet. Vi får sett livet vårt i perspektiv. Vi har reist vekk frå det trygge heime og kjem inn i noko heilt nytt. Vi må tilpasse oss og får erfaringar vi ikkje er vane med. Vi har fått eit betre forhold til familien heime og kranglar mindre.

På skulen går det fortare enn heime.

– Vi lærer ting mykje fortare enn heime. Om det er noko vi ikkje forstår, må vi lære det sjølv seinare, men lærarane dforventar og at vi skal spørje. Vi har størrre press på leksar enn heime og strukturen i timane er annleis. Vi har ikkje pc og mindre lærebøker. Lærarane brukar ofte presentasjonar. Vi føler dei bryr seg meir om oss enn lærarar heime. Her er læring retta meir mot eksamen og at vi skal få gode karakteerer, meir enn det å berre lære. Her har elevane meir respekt for lærarane enn heime.

CardiffElevB6075N1000.jpg

Yusuf Ibrahim (pedagogisk leiar, f.v.), fylkesvaraordførar Pål Kårbø, rektor Kay Martin, fylkesdirektør Bjørn Lyngedal og lærar Ivan Westley under omvising på Cardiff and Vale college som har fire norske elevar.

Alt går automatisk på engelsk 

Å kome inn i den engelske kvardagen har gått fint.

– Det gjekk overraskande lett å lære engelsk. No tenker vi ikkje lenger på kva ting heiter på norsk. No går det automatisk på engelsk. Vi har utvikla oss mykje her og blitt meir sjølvstendige. Det har vore kult å flytte til ein familie i eit anna land. Vi er blitt kjende med mange, og vi har fått mange nye venner, både norske og walisiske.

Via nettet og sosiale medium har dei kontakt med familei og venner heime.

– Dei er ikkje så langt vekke når vi møter dei på nettet.  Vi lengtar litt heim, men det er opp og ned. Eigentleg lengtar vi mindre enn vi trudde.

Godt utbyte

Begge skal attende og gå tredje året på Bergen Katedralskole og Knarvik vidaregåande skule. Guro vil bli veterinær og Mille politiadvokat.

– Vi har hatt godt utbyte av å vere her, seier Guro Reinsnos Kambestad og Mille Sofie Torvund som vil gjerne at andre unge og tek eit år på skule i den walisiske hovudstaden.