Vil oppretthalde skuletilbod i Austevoll

Eit samrøystes utval for opplæring og helse vil oppretthalde skuletilbodet på vg1 studiespesialisering ved Austevoll vidaregåande skule. Vg2 automatisering ved Slåtthaug vgs tilrår utvalet å leggje ned om det ikkje kjem fleire søkjarar.

Utval for opplæring og helse har tilrådd justering av tilbodsstrukturen ved dei vidaregåande skulane i Hordaland for skuleåret 2019-2020. 21 ulike tilbod er tilrådd lagt ned komande skuleår fordi det er få søkjarar. Tilbodet på studiespesialisering vg1 i Austevoll ønskjer utvalet ikkje å leggje ned. Her er det 13 primærsøkjarar med ungdomsrett til 27 elevplassar. Skulen ønskjer å oppretthalde tilbodet fordi elevane er unge og slepp å flytte på hybel etter ungdomsskulen.

Slåtthaug

I utvalet var det og diskusjon om vg2 automatisering ved Slåtthaug videregående skole. Her er det berre fire primærsøkjarar med ungdomsrett til 14 elevplassar. I utvalet vart det synt til brev frå rektor som ønskjer å oppretthalde tilbodert. Utvalet enda med å tilrå nedlegging, men at skuletilbodet skal stå i skulekatalogen slik at elevar kan søkje i VIGO neste år.

Desse utdanningsprogram/programområde tilrår utvalet å leggje ned skuleåret 2019/2020:

Askøy videregående skole

Vg2 Data og elektronikk

Bømlo vidaregåande skule

Vg2 Sal, service og   tryggleik

Knarvik vidaregåande skule

Innføringsklasse for   minoritetsspråklege elevar

Kvam vidaregåande skule

Innføringsklasse for   minoritetsspråklege elevar

Kvinnherad vidaregåande   skule

Vg1 Service og samferdsel

Kvinnherad vidaregåande   skule

Vg2 Industriteknologi

Laksevåg videregående   skole

Vg2 Industriteknologi

Laksevåg videregående   skole

Vg3 Elektrofag m/ studiekompetanse*

Odda vidaregåande skule

Vg2 Kjøretøy

Slåtthaug videregående   skole

Vg2 Automatisering

Sotra vidaregåande skule

Innføringsklasse for   minoritetsspråklege elevar

Sotra vidaregåande skule

Vg1 Design og handverk

Stord vidaregåande skule

Vg1 Elektrofag   m/studiekompetanse

Stord vidaregåande skule

Innføringsklasse for   minoritetsspråklege elevar

Voss gymnas

Innføringsklasse for   minoritetsspråklege elevar

Voss gymnas

Innføringsklasse for   minoritetsspråklege elevar

Voss gymnas

Vg2 Blomsterdekoratør

Voss gymnas

Vg2 Frisørfag

Årstad videregående skole

Vg2 Laboratoriefag

Åsane videregående skole

Vg2 Industriteknologi

Åsane videregående skole

Innføringsklasse for   minoritetsspråklege elevar

 

* Sjølv om utvalet tilrådde at Vg3 Elektrofag med studiekompetanse ved Laksevåg videregående skal leggjast ned, skal tilbodet likevel oppretthaldast. Dette skjer ved at elevane blir overført til Vg3 påbygging til generell studiekompetanse ved samme skule.