Vil ikkje ha vindkraft på land i Hordaland

Eit samrøystes Hordaland fylkesting seier nei til vindkraft på land i Hordaland. Ved vindkraft til havs, må det tas omsyn til miljø- og fiskeriinteresser.

Hordaland fylkesting ser behovet for fornybar energi og er positiv til at det blir arbeidd med nasjonale rammer for vindkraft. Fylkestinget meiner likevel at vindmøller bør utviklast til havs, og er difor imot at det etablerast rammer for vindkraft på land i Hordaland fylke.

Jeanette Syversen, Raudt, er uroa over vindkraft til havs og fremja forslag om å stille krav om at slike vindmølleprosjekt må ta omsyn til miljø- og fiskeriinteresser. Det vart og samrøystes vedteke.

Sårbar natur

Bakgrunn for nei til vindkraft er at Hordaland fylkesting vil unngå at sårbar natur og landskap for friluftsliv, reiseliv og kulturminne blir utsatt for vindkraftutbygging og dermed øydelagt for framtida.

Fylkestinget krev at alle areal i Hordaland blir tekne ut av nasjonal ramme for vindkraft. Det er særs omfattande konfliktar knytt til planane, mellom anna om regionale og nasjonale verdiar innan landskap, friluftsliv, naturmangfald, kulturminne/kulturmiljø og reiseliv.

Vesentlege manglar

Hordaland fylkesting meiner den føreslåtte Nasjonalramma for vindkraft frå NVE har vesentlege manglar i utgreiinga, og fylkeskommunen kan ikkje akseptere premissar og metodar som er lagt til grunn i utgreiinga.