Vil ha belønning for utsleppskutt

Eit samrølystes Hordaland fylkesting ber om belønning for utsleppskutt i kollektivsektoren i statsbudsjettet for 2020 og ønskjer eit tilskot på 1000 kroner pr. tonn CO2 som fylkeskommunen kuttar.

Av vedtaket går det fram at «Hordaland fylkeskommune ser det som avgjerande at staten belønnar fylkeskommunane for utsleppskutt i kollektivsektoren». 1000 kroner pr tonn CO2 i utsleppskutt skal gjelde kollektivtrafikk både til lands og på sjø. Hordaland har gått foran og har vedteke store kutt i utsleppa frå kollektivtrafikken i åra framover.

Styrke finansiering

Fylkestinget oppmodar dei politiske partia til å styrke finansieringa av fossilfri kollektivtransport og andre tiltak som kan gje reduksjon i klimagassutslepp. Fylkesadministrasjonen skal bruke eksisterande verkemidlar og nettverk og organisasjonar til breitt samarbeid nasjonalt og lokalt med kommunar, næringsliv og interesseorganisasjonar om styrka finansiering av tiltak som kan gje reduksjon i klimautslepp gjennom auka bruk og produksjon av fornybar energi her under biogass, hydrogen.

Utarbeide strategi 

Natalia Golis, MDG, fremja forslag om å oppmode fylkesrådmannen for Nye Vestland til å starte arbeidet med å utarbeide ein strategi for å nå målet om utslippsfri Vestland fylke 2030. Det vart vedteke med røystene til MDG, A, Sp, Krf, SV, R og V.

Har teknologi, men ofte ikkje økonomi

Saka har bakgrunn i eit verbalforslag frå fylkestinget i samband med budsjettet i desember i fjor. I dag har vi teknologi for å fjerne eller sterkt redusere klimagassutslepp frå transport og energibruk. Hovudutfordringa i dag er ofte ikkje teknologi, men økonomiske rammer som legg til rette for innovasjon, kutt i utslepp og auke fornybar energiproduksjon. Fylkeskommunen har ei aktiv rolle i det grøne skiftet og har viktige roller i utdanning, grøn vekst, infrastruktur, forsking, innovasjon, høyringar, forvalting, tilskot, rettleiing plan, samfunnsutviklar og som innkjøper.

Stimulere grønt skifte

Økonomiske rammer bør vere utforma slik at dei stimulerer til grønt skifte. Belønning for klimagasskutt er viktig for fylkeskommunen sin økonomi.