Vil gjeninnføre passasjerbetaling

Eit fleirtal i Hordaland fylkesutval tilrår å gjeninnføre betaling for passasjerar på ferjer i Autopass-systemet.

Eventuell passasjerbetaling skal hovudsakleg skje gjennom Skyss-app, Vipps, eller liknande. For å samordna takstregulativet i flest mogeleg fylke, ønskjer fleirtalet i fylkesutvalet å ta saka opp på neste møte i Vestlandsrådet 20. juni og viser til ein tilsvarande diskusjon som pågår i Møre og Romsdal.

Til fylkestinget

Mindretalet i fylkesutvalet ønskte ikkje å gjeninnføre passasjerbetaling og vil at innføringa av Autopassbetaling på fylkesferjene skal halde fram slik som no.

Fylkestinget 12. og 13. juni skal ta endeleg avgjerd om passasjerbetaling skal innførast eller ikkje.

Skal gjere betaling enklare

Innføring av Autopassbetaling på ferjer skal gjere betalingsprosessen enklare og få til raskare om bord-køyring. Passasjerar reiser gratis, mens prisen for bil og førar går noko opp. I fylkestinget i mars ba Silja Ekeland Bjørkly (H) om ei utgreiing for ulike alternativ for passasjerbetaling. Fylkesrådmannen har lagt fram tre alternativ: Betaling i app, betaling på automat og betaling hos mannskapet. Alle tre alternativ har ulemper og økonomiske og praktiske konsekvensar.