Vil du bli med i fylkeseldrerådet i Vestland?

No opnar vi for å nominere representantar til fylkeseldrerådet i Vestland fylkeskommune for perioden 2019–2023.

Måndag 9. september er det kommunestyre- og fylkestingsval, og ved årsskiftet vert noverande Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommunar slått saman til Vestland fylkeskommune. I samband med dette skal det veljast medlemer til fylkeseldrerådet i Vestland.

Vi inviterer organisasjonar som representerer eldre til å nominere kandidatar til fylkeseldrerådet. 

Send namn på kandidatar og grunngjeving for nomineringa på epost innan 31. august

Fylkestinget vedtek

Fylkeseldrerådet i Vestland fylkeskommune skal ha ni medlemer, der to er fylkestingsrepresentantar og sju er valde etter forslag frå organisasjonar som representerer eldre. Fleirtalet av medlemene i fylkeseldrerådet skal på valtidspunktet ha fylt 60 år.

Forslag til medlemer vert lagt fram for valnemnda og fylkestinget under det konstituerande fylkestinget 15.–16. oktober. Fylkestinget vedtek samansetjinga av fylkeseldrerådet. Rådet vel sjølv leiar og nestleiar mellom medlemene.

Kven kan nominerast?

Vi oppmodar om å nominere samfunnsengasjerte kandidatar av fleire kjønn. Merk at all sakshandsaming i fylkeskommunen er elektronisk (naudsynt opplæring vil bli gitt).

Nominerte kandidatar må

  • ha gjeve skriftleg samtykke
  • ha røysterett ved valet
  • vere folkeregistert i fylket på tidspunktet for valet

Kva er fylkeseldrerådet?

Fylkeseldrerådet er rådgjevande organ for fylkeskommunen og har rett til å uttale seg i alle saker som vedgår eldre. Rådet kan og ta opp saker på eige initiativ.

For utfyllande informasjon viser vi til:

Lov om kommuner og fylkeskommuner

Forskrift om kommunale og fylkeskommunale råd for eldre, personer med funksjonsnedsettelse og ungdom

Reglement for folkevalde organ i Vestland fylkeskommune