Vil bygge 35 dagsturhytter i Hordaland

Fylkesutvalet i Hordaland har vedteke å bruke to millionar kroner i tilskot til å bygge dei første 10 av 35 dagsturhytter i fylket.

Dagsturhyttene skal bli eit lågterskeltilbod for turgåarar, eit folkehelsetiltak som skal gje godt liv i eit trygt samfunn. Sogn og Fjordane har alt fått 26 dagsturhytter, til totalt 33 millionar kroner, som er blitt ein stor suksess. Hordaland vil bygge 35 dagturhytter til minst 35 millionar kroner.

Spleiselag

Hordaland vil bruke same modell som i Sogn og Fjordane gjennom eit spleiselag mellom fylkeskommunen, kommunane, spelemidlar og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som er viljug til å bidra med pengar i Hordaland også.

Den fylkeskommunale løyvinga for 2019 skal gå til dei 10 første dagsturhyttene. Vidare er det rekna med sju millionar i fylkeskommunalt tilskot til dei resterande 25 hyttene for åra 2020 og 2021.

I alle kommunar

Det er planlagt ei hytte i kvar kommune. Bergen kan få fleire. Det blir lagt opp til brei medverknad for kvar hyttene skal plasserast, opparbeiding og drift. Kvar kommune må avgjere om dei vil nytte tilbodet om å få dagsturhytte.

Hyttene kan bli tilrettelagt med lys, varme og sanitæranlegg der det er behov for det. I tillegg skal hyttene ha eit bibliotek og ein plan for ulike arrangement. Opparbeiding og merking av turløyper til hyttene må vere ein del av prosjektet.

I gjennomsnitt er det rekna med ein total kostnad på ein million kroner pr. hytte. Totalkostanden blir dermed minimum 35 millionar kroner for dei 35 dagsturhyttene. Dei første dagsturhyttene skal stå ferdig hausten 2020.