Vidarefører dagens inntaksordning

Inntaksordninga og inntaksområda som gjeld for Hordaland og Sogn og Fjordane blir vidareført til å gjelde skuleåret 2020/21. Det vedtok fellesnemnda i dag.

Vedtaket inneber at det første felles inntaket for skulane i dei to fylka skjer frå skuleåret 2021/22. Det neste året skal brukast til å sikre ein god prosess i arbeidet med å etablere ei ny felles inntaks- og formidlingsforskrift for Vestland fylkeskommune.

Vidarefører dagens ordning

Når det gjeld dei fylkesdekkande opplæringstilboda, blir det likevel mogleg å søke seg inn til skuleåret 2020/21 for søkarar i heile Vestland fylkeskommune.

Vedtaket til fellesnemnda inneber òg at avtalane for elevar i grenseområda mellom dei to fylka blir vidareført. Dette gjeld òg avtalen Hordaland har for elevane i grenseområda til Rogaland, og eventuelle avtalar Sogn og Fjordane inngår om gjesteelevordningar for søkarar frå Hornindal og Vanylven.

Vedtaket som blei fatta i fellesnemnda innebar óg at det må greiast ut om ordninga for ungdomar i grenseområda mellom Sogn og Fjordane og Hordaland skal utvidast til å gjelde fleire elevar i vidaregåande skular, fram til saka kjem til politisk behandling i oktober 2019.

Fellesnemnda vedtok at administrasjonen skal utgreie konsekvensene av eit inntak basert på nærskuleprinsippet. 

Felles forskrift og høyring

Fellesnemnda vedtok å sette i gong arbeidet med å etablere felles inntaksordning for skuleåret 2021/22. For å sikre ein god prosess er det viktig at saka blir godt opplyst og at interessentar får høve til å uttale seg gjennom høyringar. Arbeidet skal føre fram til ei ny felles inntaks og formidlingsforskrift for Vestland fylkeskommune. For å gjennomføre felles inntak for 2021/22, må forskrifta seinast bli godkjent av fylkestinget for Vestland fylke i mars-april i 2020 år. Dette inneber at høyringsprosessen må starte til hausten, seinast i slutten av oktober.