Vestland søkjer fylkestannlege

Stillinga som fylkestannlege i Vestland fylkeskommune er lyst ledig. Søknadsfrist er 11. august.

Fylkestannlegen inngår i leiargruppa til fylkesdirektør for strategisk utvikling og digitalisering og vil vere øvste administrative og faglege leiar for tannhelsesektoren i Vestland fylkeskommune. Som leiar i fylkeskommunen må du ha forståing for heilskapen og bidra til tverrfagleg arbeid i tenesta. Du må identifisere deg med kjerneverdiane våre, open, kompetent og modig, og vere med på å motivere organisasjonen til å arbeide i tråd med desse.

Søk på stillinga