Vestland skal få nyskapande aktivitetsanlegg

– Vi ønskjer å legge til rette for fleire nyskapande og innovative aktivitetsanlegg, seier fylkesidrettssjef, Britt Karen Spjeld. Vestland fylkeskommune har inngått samarbeid med danske Lokale- og Anlægsfonden.

Saman skal dei utvikle nye aktivitetsarenaer innan to område: Innovative anlegg på tvers av sektorar, og attraktive, heilskaplege skuleområde. 

Britt Karen Spjeld er påtroppande seksjonssjef for idrett og friluftsliv i Vestland fylkeskommune.

– Vi har inngått ein intensjonsavtale for samarbeid. Lokale- og Anlægsfonden i Danmark har god erfaring med å basere anleggsutvikling på eit breitt kunnskapsgrunnlag, og bygge anlegg som blir populære samlingsstadar i lokalsamfunnet. 

Kunnskap 

Nøkkelord er brei medverknad, kunnskap, kjennskap og arkitektur av høg standard.

– Anlegga skal vere nyskapande i funksjon, organisering og aktivitetar. I Danmark finst det etterkvart mange flotte døme på nye bygningar som husar både kultur, bibliotek, idrett, kafé, møterom, undervisning med meir, seier Spjeld. 

Forsking viser at tala på inaktive barn og unge går opp. Vestland fylkeskommune ønskjer å utvikle attraktive og heilskapelege skuleområde. Dette skal gjere det enklare for dei unge å vere i aktivitet.

– Vi vil jobbe konkret for å etablere slike anlegg i kommunane og skal sjå på ulike anleggstypar og kreative måtar å legge til rette på. Her ønskjer vi å nytte kompetansen til Lokale- og Anlægsfonden i Danmark. 

Breitt, lokalt engasjement 

I prosessen med å utvikle nye anlegg skal eit breitt, lokalt engasjement med ulike brukargrupper både frå frivillig og offentleg sektor vere med. 

Avtalen skal gjelde fram til 31. april neste år. Det skal etablerast ei styringsgruppe, ei ressursgruppe og arbeidsgruppe for kvart prosjekt. Ein prosjektleiar skal ha ansvar for å koordinere dei ulike delprosjekta.