Vestland lyser ut opp mot 100 ledige stillingar innan infrastruktur og veg

Som følge av regionreformen blir administrasjonen av fylkesvegoppgaver overført frå Statens vegvesen til fylkeskommunene 1. januar 2020. I den samanheng lyser Vestland ut opp mot 100 nye stillinger.

Den nye avdelinga infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune skal ha 300 årsverk. I overkant av 200 er på plass frå Statens vegvesen og fylkeskommunane. Dei resterande stillingane lysast ut no, med arbeidsstad i Førde, Leikanger, Nordfjordeid, Odda, Voss eller Bergen. Søknadsfristen er 23. oktober.

Det er mange ulike type stillingar som er ledige. Til dømes skal avdeling for infrastruktur og veg mellom anna ha juristar, HR-rådgjevarar, byggeleiarar og vegplanleggarar.

- Vi arbeider no med å byggje opp ein solid og kompetent  vegadministrasjon som skal løyse oppgåvene på  fylkesvegane. Dei som blir tilsett får store moglegheiter til å vere med å påverke og utvikle, seier Dina Lefdal, påtroppande direktør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune. 

Oppgåvene til avdelinga er å:

  • planlegge, bygge ut, drifte og vedlikehalde om lag 5600 km fylkesveg
  • ivareta fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar
  • samordne aktørar med ansvar for trafikksikring i fylket
  • ivareta heilskapleg utbygging av transportinfrastruktur i arbeidet med Nasjonal transportplan
  • ha naudsynt beredskap i samband med hendingar på vegnettet

Alle stillingane finn du på vlfk.no/jobb