Vestland får to UKM-festivalar i 2020

Den store Ung kultur møtest-helga (UKM) i Vestland, 2020, går av stabelen 24.–26. april. Då blir det to festivalar, den eine i Nordfjordhallen i Måløy, den andre i Voss kulturhus på Voss.

– Det blir store endringar for mange i 2020. Vi har difor valt å endre minst mogleg på UKM på fylkesnivå. Det er viktig at fylkesfestivalen er føreseieleg for både ungdommen som skal delta, og dei som har ansvar for arbeidet i kommunane. Så får eventuelle endringar kome etter kvart, seier Siri Ingvaldsen, seksjonssjef for kulturformidling i Vestland.

Brukar gamle fylkesgrenser

Det er difor naturleg å nytte dei gamle fylkesgrensene som styrande for kven som skal delta på kva festival. Deltakarar frå noverande Sogn og Fjordane deltek i Måløy, medan deltakarar frå noverande Hordaland deltek på Voss. 

Kring 250 ungdommar er venta til kvar av festivalane, som begge vil ha sceneframsyningar, utstilling, workshops og sosiale aktivitetar for deltakarane. 

Møteplass

UKM skal vere ein møteplass for ungdom mellom 13 og 20 år, der dei kan delta med alle slags kulturuttrykk, også som konferansierar, i UKM Media eller som unge arrangørar. Ungdommane deltek først i eigen kommune. Påmeldinga til UKM 2020 opnar 1. november.