– Dette er noko av det kjekkaste eg får vere med på som politikar. Det ligg enormt med trening bak. De er heilt avhengige av eit fungerande bakkemannskap med trenarar, fordeldre, besteforeldre og vener for at de skal nå måla. Det er ingen «one man show» for at alt skal klaffe. Dette er ein honnør frå fylkeskommunen og litt pengar for å utvikle seg vidare, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun under utdelinga.

Dei seks utviklingsstipenda går til: Elise Isolde Stenevik, fotball, Arna-Bjørnar (f.v.), Anna Bryn Mørkeset, alpint, Voss IL (tatt imot av mor Marit Bryn), Andreas Haara Bakketun, friidrett, IL Gneist (no Gular), Salum Kashafali, friidrett, Norna-Salhus, Maia Emilie Lund, roing, Bergens roklubb, Martin Femsteinevik, skiskyting, Hålandsdal IL. Ein glad fylkesordførar Anne Gine Hestetun delte ut stipenda.
Desse får utviklingsstipend:
Salum Kashafali, friidrett, Norna-Salhus
Maia Emilie Lund, roing, Bergens roklubb
Andreas Haara Bakketun, friidrett, IL Gneist
Anna Bryn Mørkeset, alpint, Voss IL
Elise Isolde Stenevik, fotball, Arna-Bjørnar
Martin Femsteinevik, skiskyting, Hålandsdal IL
Stipenda blir kvart år delt ut av Hordaland fylkeskommune til unge idrettsutøvarar frå fylket. Stipenda er støtte til utøving av idretten og den vidare utviklinga. Det var totalt 24 søkjarar, 11 jenter og 13 gutar frå ni kommunar og 17 ulike idrettsgreiner.
Litt om den enkelte utøvar:

Salum Kashafali, friidrett, Norna-Salhus har som mål å kvalifisere seg til EM 2020 for funksjonsfriske, samt vere verdas beste parautøvar og ta OL gull i den klassa.
Salum Kashafali, friidrett, Norna-Salhus
- Norsk meister på 100m for funksjonsfriske
- 3 verdsrekordar på 100m innan paraidrett
- VM gull på 100m i klassa T12
- Mål om å kvalifisere seg til EM 2020 for funksjonsfriske, samt vere verdas beste parautøvar og ta OL gull i den klassa.
Maia Emilie Lund, roing, Bergens roklubb
- 9.plass i EM
- 13.plass i world cup II
- 10.plass world cup III
- 10 plass i senior VM
- Alt i lettvekt singel sculler
- Plan om å kvalifisere seg til OL i Tokyo i lettvekts dobbel

Andreas Haara Bakketun, friidrett, IL Gneist, har mål om VM under 20 år i Nairobi, EM i Paris og å delta på Diamond League på sikt.
Andreas Haara Bakketun, friidrett IL Gneist
- 2 norske juniorrekordar
- 2 sølv og 1 bronse i senior NM
- 4 gull i junior NM
- Nordisk juniormeister
- 3 gull under ungdomsmeisterskapet
- Personleg rekord i alle øvingar i 2019
- Målet for 2020 er VM under 20 år i Nairobi, EM i Paris og NM
- Mål om å delta på Diamond League på sikt
Anna Bryn Mørkeset, alpint, Voss IL
- NM gull jr 1 i storslalom
- NM sølv jr 1 i slalom
- Bronse i ungdoms OL i Sarajevo
- 4 europacup startar
- Alle i 2018/18 sesongen
- 3 NM gull jr 1 i 2017/18 sesongen
- Ranka som nr 10 i verda for alderen
- Årets mål er jr VM i Narvik

Elise Isolde Stenevik, fotball, Arna-Bjørnar, har mål om å spele seg inn på A-landslaget innan 2 år og spele i ein av dei større ligaene i Europa.
Elise Isolde Stenevik, fotball, Arna-Bjørnar
- Midtstopper på Arna-Bjørnar
- Spelar på Noregs u23 landslag
- Mål om å spele seg inn på A-landslaget innan 2 år og spele i ein av dei større ligaene i Europa
- Studerar medisin her i Bergen

Martin Femsteinevik, skiskyting, Hålandsdal IL, er ein av verdas beste liggskyttarar dei siste sesongane og har mål om fast plass på IBU cuplaget og kjempe om world cup start.
Martin Femsteinevik, skiskyting, Hålandsdal IL
- 1.plass norgescup samanlagt 2017/18 og 2018/19
- NM gull 20km 2018
- 4.plass NM fellesstart og sprint 2019
- 8.plass samanlagt IBU cup 2016/17
- Mål om fast plass på IBU cup laget og kjempe om world cup start
- Ein av verdas beste liggskyttarar dei siste sesongane

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun takkar Helge Johnsen for mangeårig innsats for idretten.
Heider langvarig innsats
Fylkesordførar Anne Gine Hestetun avslutta med å takke Helge Johnsen for sitt 30 årige engasjement for idretten. Han har vore nestleiar og leiar av Hordaland idrettskrets. Han starta i Ask og gjekk vidare til idrettsrådet i kommunen og så Hordaland idrettskrets. I november fekk han NIFs heidersteikn.
– Han er solid, engasjert og tydeleg. Det har aldri vore noko bråk med han. Han har vore ein god rådgjevar og fremjar av idretten. Vi i Hordaland fylkeskommune har sett pris på samarbeidet, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun.