Utsette eventuell endring av passasjerbetaling på ferjer med Autopass

Eit samrøystes Hordaland fylkesting har vedteke å utsette saka om eventuell endring av passasjerbetaling på fylkesvegferjer.

Årsaka til utsetjinga er mellom anna for å samordne saka med andre fylke. 20. juni skal Vestlandsrådet behandle saka. I Vestlandsrådet er alle fire fylka på Vestlandet med: Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal fylkeskommunar. Vedtak i Vestlandsrådet er ikkje bindande, men rådgjevande.

Protestar

Innføring av Autopassbetaling på ferjer gjer betalingsprosessen enklare og om bord-køyring blir raskare. Men Autopass har medverka til at taksten for bil med førar har auka, mens alle passasjerar slepp å betale. Dette har ført til protestar frå dei som køyrer bil.

Til fylkestinget i oktober

Saka om Autopassbetaling for passasjerar på fylkesvegferjer i Hordaland, skal opp til ny politisk behandling på fylkestinget i oktober.