Unikt, nasjonalt kulturminne opna dørene

– Agatunet er eit unikt, nasjonalt kulturminne, sa ordførar Roald Aga Haug under opninga av sommarsesongen ved klyngetunet i Hardanger. Den eldste bevarte rettssalen i landet står sentralt i tunet.

Lagmannsstova var residens og administrasjonsanlegg for Gulatingslagmannen og riddaren Sigurd Brynjulvsson Aga. Den vart bygd i år 1220 og blir 800 år neste år.  I Agatunet er det totalt 55 hus. 45 av dei er freda hus, mens 10 er verna naust.

– Agatunet er det rikaste og best bevarte klyngetunet i landet. Det er døme på at generasjonar kunne bu saman i lag. Her var det så tettbygt at vi kunne lukte kva naboen hadde til middag. Agatunet er verdifullt og bør brukast. Det blir det kulturelle hovudsetet i nye Ullensvang kommune. Agatunet definerer den nye kommunen. Det er viktig for å ivareta historia, kulturen og fellesskapet. Mine beste minne er herifrå, sa ordførar Roald Aga Haug, som vaks opp på Aga.

AgaN1000B6798.jpg

Lagmannsstova var representasjonsbustaden til riddar og lagmann Sigurd Brynjulvsson Aga på 1200-talet. Muren er frå før 1220. Riksantikvaren har gjeve over ein million kroner til restaurering, mellom anna til kalking av muren. 

God barndom – rike minne

– Mine første minne frå barndomen er frå Aga. Her var det omsorg, kjærleik, oppvekst, leik, klatring, mysterie og mat. Det var ein god barndom med rike minne. Eg er stolt over at vi har teke vare på Agatunet, sa ordførar Roald Aga Haug i Odda under opninga. 

Hordaland fylkeskommune er ein viktig bidragsytar til Agatunet. Dei siste 10-15 åra har fylkeskommunen gjeve over fem millionar kroner til restaurering og sprinklaranlegg. I tillegg betalar fylkeskommunen eit årleg bidrag på 12 millionar kroner til drift av Hardanger og Voss museum, der Agatunet er ei avdeling. Riksantikvaren bidreg og med millionar av kroner.

– Agatunet står i ei særstilling nasjonalt. Det er eitt av dei best bevarte og autentiske klyngetuna i Noreg. Det er heilt unikt, seier fylkeskonservator David Aasen Sandved.

AgaN1000B6827.jpg

Lensmannsstova fekk 350 000 kroner av fylkeskommunen til restaurering i 2018. Fylkeskonservator David Aasen Sandved skryt av bygningskonsulenten som skriv søknader av høg kvalitet om støtte til prosjekt som alltid blir fullført på ein god måte.

Nasjonal kulturarv 

– Det er essensielt for å ivareta denne nasjonale kulturarven at fylkeskommunen gjev pengar til istandsetting. Vi er og inne med midlar til drift av Hardanger og Voss museum som er eitt av dei største musea vi har på budsjettet vårt. Vi gir tilskot til lønn til bygningskonsulent som er dyktig og flink til å søke midlar. Vi får gode søknader til prosjekt i Agatunet. Det er høg kvalitet på søknadene, og vi har erfaring med at dei leverer det dei søkte om og kjem i mål. Søknadene blir handtert på ein god måte, seier fylkeskonservator David Aasen Sandved.

AgaN1000B6842.jpg

Jacob-stova (t.v.) har fått 200 000 kroner til restaurering av fylkeskommunen, mens Jo-stova, det okergule huset (t.h.), har fått 150 000 kroner.

Eldste rettslege dokument i Noreg 

Guttorm A. Rogdaberg er leiar i eigarstyret for Stiftelsen Agatunet.

– Lagmannsstova frå år 1220 er det eldste verdslege huset i Noreg som står på plassen der det vart bygt. Vi skal feire 800 årsjubileum neste år. Dette var tingsete i mellomalderen. Det eldste bevarte rettslege dokumentet i Noreg er frå ei rettssak i lagmannsstova i 1293. Det er kalla Bleiedokumentet og handla om tvist om grense mellom to eigarar i Ullensvang herad. Lagmann Sigurd Brynjulvsson var ridder og sat i riksrådet til kong Eirik Magnusson. Han var den siste kongen som hadde sete i Bergen. Han døydde i 1299, seier Guttorm A. Rogdaberg.

AgaN1000B6894.jpg

Hordaland fylkeskommune har gjeve 200 000 kroner til restaurering av Jo-stabbur.

Representasjonsbustad etter europeisk modell

På Aga hadde lagmann Sigurd Brynjulvsson eit klassisk residens- og administrasjonanlegg etter europeisk modell, slik det høvde seg for kongens menn. Lagmannsstova var representasjonsbustaden hans. Her var det kapell, hus, løe, stall, støl og hær, tenarar og dyr. Dette var ein liten landsby der det på det meste budde 200 personar.

AgaN1000B6888.jpg

Hordaland fylkeskommune har gjeve 80 000 kroner til restaurering av vetlehuset på Aga. Her kunne mor, far og eit barn sitje samstundes.

Budd folk i over 3700 år 

Det har truleg budd folk i Aga i over 3700 år. Garden har vore sentral med fruktdyrking, handel over Hardangervidda og jektefart til Bergen og Nord-Noreg. Etter kvart kom det skule, landhandelsmann, postkontor og telegrafstasjon. I 1938 vart 45 av husa i Agatunet freda, og dei siste som budde der, flytte etter kvart ut.