Ungdommens fylkesting for siste gong i Hordaland

– Fylkessamanslåinga er utan tvil noko av det viktigaste i år. Vi kjem til å ha eit tett samarbeid med ungdomspolitisk utval i Sogn og Fjordane, seier Oda Mehus, den nyvalde leiaren for ungdommens fylkesting.

Om lag 60 ungdommar var samla då ungdommens fylkesting (UFT) blei arrangert i Bergen sist helg. Dette var det siste fylkestinget for ungdom i Hordaland, før nye Vestland fylke blir ein realitet. UFT er ein politisk nøytral arena og ein møteplass for ungdom frå heile fylket.

Tett samarbeid

På samlinga vedtok dei kven som skal sitte i ungdommens fylkesutval (UFU) og planprogrammet som set kursen for arbeidet det kommande året. Femtenåringen Oda Mehus frå Eidfjord blei vald til leiar. Ho var godt nøgd både med sitt nye verv og med samlinga.

– Eg syns det er veldig kjekt å få tilliten, både frå valkomiteen og tinget. Som leiar vil eg jobbe for eit godt sosialt miljø. Dette er vesentleg for å kunne arbeide saman på ein god og effektiv måte, seier ho.

Vil ha fritt skuleval

Sakene som fekk størst merksemd handla om korleis ungdommar kan bli høyrt i politiske prosessar og spørsmål omkring fylkessamanslåinga. På samlinga var òg representantar frå fylkeskommunane Rogaland og Sogn og Fjordane.

Det blei vedtatt at UFU i det kommande året skal jobbe for å ha fritt skuleval i nye Vestland fylkeskommune, men samtidig ha fokus på at ingen skal måtte få urimeleg lang reiseveg.

Tinget handsama også forslag til nye vedteker for Vestland Ungdomsutval og Fylkesting for ungdom Vestland.