Ungdomen sette klima på dagsorden

Mange møtte fram på dialogmøtet i Førde 26. mars om den nye Vestland fylkeskommune. Det var stort engasjement, spesielt frå ungdomen som tala varmt om å ta vare på miljøet.

Kamilla Rivedal i ungdomspolitisk utval (UPU) i Sogn og Fjordane løfta fram klima og miljø som tema.

– Vi vil at klima og miljø skal vere meir enn ein hashtag og ein trend. Vi vil ha tilstrekkeleg informasjon i skulen, gjerne også i barnehagen. Kunnskap er nøkkelen til eit berekraftig samfunn, slo Rivedal fast.

Ho var første og yngste innleiar på dialogmøtet om Vestland fylkeskommune. Dette var det fjerde av fem møte, der fylkespolitikarar frå både Sogn og Fjordane og Hordaland møter lokale politikarar, næringsliv, frivilligheit og andre for å diskutere framtida til det nye storfylket. Rundt 130 personar deltok på møtet på Mo og Øyrane vidaregåande skule.

Det nye trivselsfylket

Rivedal i UPU var den einaste av dei inviterte innleiarane som tok opp temaet klima og miljø, noko ho fekk ros for frå fleire i salen. Ungdomsrepresentanten var også oppteken av korleis det nye fylket skal rigge seg for å få ungdom til å busetje seg her.

– Vi vil at folk skal etablere seg og jobbe her, og realiteten er at mange vil det. Vi tenkjer at dei fleste eigentleg vil tilbake, men kva kan vi tilby av arbeidsplassar og andre ting som er interessant? Ungdom må få eit innblikk i kva fylket kan tilby, for så å kome tilbake. Og vi treng betre kollektivtransport. Vi blir aldri kvitt den problemstillinga, sa ho.

Ho vil også ta tilbake og ta med vidare omgrepet Trivselsfylket, som Sogn og Fjordane marknadsførte seg som tidlegare.

– Vestland skal bli trivselsfylket, det beste fylket for ungdom og alle andre å bu i, meiner Rivedal.

FordeAlfredN1000.jpg

Ordførar på Eid, Alfred Bjørlo, snakka om kor viktig samferdslene blir i det nye fylket. 

Ferjefri eller ikkje-ferjefri E39

Samferdsle var eit tema om opptok mange av dei frammøtte på dialogmøtet i Førde, som det har vore på tilsvarande møte i Bergen, på Voss og i Gulen. Ordførar i Flora, Ola Teigen er oppteken av at kystvegen i Sogn og Fjordane går lenger inn i landet enn i fylka sørom og nordom. Kollega i Førde, Olve Grotle, slo fast at Vestlandet må knytast saman, og Eid-ordførar, Alfred Bjørlo, oppmoda fylkespolitikarane om å setje inn eit støyt på Stad skipstunnel snarast.

Ferjefri E39 vart også eit tema, med ulike vinklingar. Tidlegare prosjektleiar for Hydrogen Region Sogn og Fjordane og venstrepolitikar i Sunnfjord, Elisabet Kjerstad Bøe, meinte å registrere at prosjektet ferjefri E39 er tona litt ned – og var glad for det. Ho meiner heller hyppigare ferjeavgangar og nullutsleppsteknologi er framtida.

Landbruksmann, fiskeoppdrettar og SP-politikar i Høyanger, Geir Helge Østerbø, meiner derimot at bru over Sognefjorden er noko av det viktigaste for å binde det nye fylket saman. Han vil ha ei slik bru som statleg prosjekt på linje med Stad skipstunnel.

Fleire av fylkespolitikarane forsikra om at dei ikkje tonar ned ferjefri E39, men at dei vil halde fram å kjempe for ferjefri – og ikkje minst opprusta og trygg – europaveg gjennom fylka.

FordeNilsRsandalN1000.jpg

– Frivillig sektor skal vere ein viktig byggekloss når vi no byggjer eit nytt fylke, sa Nils R. Sandal, som leiar interimstyret for Vestland idrettskrins.

Frivilligheita viktig byggekloss

Eit anna tema som gjekk att i Førde denne ettermiddagen og kvelden var frivilligheita. Tidlegare fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Nils R. Sandal var ein av dei som tok ordet. Sandal er i dag blant anna styreleiar for Sogn og Fjordane idrettskrins og leiar for interimstyret for Vestland idrettskrins.

– Den beste ressursen vi har er det enkelte mennesket, og frivillig sektor skal vere ein viktig byggekloss når vi no byggjer eit nytt fylke. I Sogn og Fjordane har vi eit fantastisk godt samarbeid mellom idretten og fylkeskommunen, og eg trur det er slik i Hordaland òg. Eg representerer ei kraft, og brukar vi den på ein god måte, så blir eg ein viktig byggekloss, slo Sandal fast.

Åge Avedal er regionleiar for 4H Sogn og Fjordane og er også oppteken av tilhøva for dei mange som kjem til å jobbe frivillig i det nye fylket.

– Frivilligheita må møte eit enkelt apparat. Eg har opplevd det som relativt enkelt i Sogn og Fjordane og håpar det blir teke med inn i det nye fylket, sa han.

FordePolitikararN1000.jpg

Prosjektleiar  Rune  Haugsdal  og  politikarane  i  fellesnemnda  sitt  arbeidsutval  lytta  til  innspela  frå  salen  og  tek  dei  med  seg  vidare  i  arbeidet  med  Vestland  fylkeskommune.  F.v.  Rune  Haugsdal,  Bjørn  Hollevik,  Pål  Kårbø,  Sigurd  Reksnes,  Åshild  Kjelsnes,  Jenny  Følling,  Anne  Gine  Hestetun,  Silje  Ekeland  Bjørkly  og  Terje  Søviknes. 

Kort oppsummert

Dialogmøta rundt om i det nye fylket er del av ein innspelsprosess i arbeidet med regional planstrategi for Vestland fylkeskommune. Møtet i Førde vart avslutta med ein oppsummeringsrunde blant fylkespolitikarane som deltok. Terje Søviknes i fellesnemnda for Vestland oppsummerte tre timar med innspel, diskusjon og engasjement slik:

– Om vi greier å gjere regional planstrategi til ein digitaliserings-, kompetanse-, samferdsle-, klima-, verdiskapings- og frivilligheitsstrategi, så har vi sannsynlegvis lukkast.

Det siste dialogmøtet om nye Vestland fylkeskommune blir i Leirvik på Stord måndag 29. april.

FordeSalenN1000.jpg

Rundt 130 personar deltok på dialogmøtet i Førde.