Tusen år gammal pilspiss funnen i Hardanger

Bomskot frå ein reinjegar i Hardanger for tusen år sidan har ført til eit uvanleg funn av ein 12 cm lang pilspiss.

Reinjegaren var på jakt ved Store Ishaug i Eidfjord, 1400 meter over havet, ikkje langt frå Fossli og Vøringsfossen. Han hadde pil og boge og skaut etter eit reinsdyr. Men han bomma, og pilen forsvann i snøen. Midt i september tusen år etterpå vart pilen funnen av Ernst Hagen. 

– Eg har hytte i Isdalen, like ved Fossli. I det fine veret midt i september gjekk eg tur og oppdaga med eitt pilspissen like ved ei snøfonn. Eg skjønte straks at det var noko spesielt, noko frå før dei brukte riflar, fortel Hagen.

PilspissB4643.jpg

– Eg skjønte straks at pilspissen var noko spesielt, fortel Ernst Hagen som fann pilspissen i området ved hytta hans nær Vøringsfossen. 

Ikkje liknande funn i Hordaland 

Hagen tok pilspissen med til Hordaland fylkeskommune, som er mottakar av gamle funn. Arkeolog Tore Slinning seier at det ikkje er gjort liknande funn i Hordaland tidlegare. 

– Dette er eit uvanleg funn og litt av eit lykketreff. Det er som å finne nåla i høystakken. Grunna klimaendringar smeltar fonnar og brear, og slike funn kan kome fram. Denne pilspissen ville blitt tildekka av snøen til vinteren om den ikkje vart funnen, seier Slinde. 

Bør sjå etter gamle funn 

Om pilspissen hadde blitt liggande ute, ville den gradvis forvitra og til slutt forsvunne heilt. Sjølve pilen av tre er borte.

– Vi veit ikkje når den lange pilen rotna. I jordsmonn rotnar alt. Pilen kan ha rotna for lenge sidan om den lå i jordsmonn. Har den lege innkapsla i snø og is, kan den ha rotna i nyare tid når snøen har smelta. Dei som ferdast i nærleiken av fonnar og brear som smeltar, bør sjå etter slike gamle funn, seier Slinning. 

Pilspissen er laga av jern. I Sysendalen var det utvinning av jern frå myrmalm før i tida. Det var mykje busetnad i Sysendalen, Simadalen og Måbødalen. Det gjekk ferdselsvegar mellom dalføra, og pilespissen er funnen i det nære fjellområdet til fjordbygdene. 

Funn i Fresvik og Voss 

Arkeologen seier at det ikkje finst mange slike funn. I sommar vart det funne ein om lag 70 cm lang pil med pilspiss i Fresvik. I Hordaland er det tidlegare funne ein slede som er 1500 år gammal. Den vart funnen på Vossaskaret. 

Årsaka til at det er lite fjellfunn i Hordaland, kjem av rørsler i breane.

– Gjenstandar blir ofte knust av breane. Difor er det ikkje mange funn hos oss. I Oppland, der det er platå, blir gjenstandar liggande att når snøen smeltar. 

Pilspissen går no til Universitetsmuset i Bergen som skal konservere den, slik at den ikkje rustar meir, og datere den. Tore Slinning meiner den er frå vikingtida eller tidleg mellomalder, om lag 1000 år gammal.