Turistar kan reise som dei lokale

Denne sommaren kan turistar reise som dei lokale i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. Konseptet «Travel like the locals» blir no utvida frå Møre og Romsdal til heile Vestlandet.

«Travel like the locals» er «ferdigpakka» turar med offentleg transport. Desse kan kjøpast på førehand eller på ulike utsalsstader som turistinformasjon og liknande. Denne sommaren er det tilbod om ca 50 turar i dei tre fylka.

Dette er turar som ikkje går rakaste vegen frå A til Å, men rundturar og andre turar som det ikkje kan vere så lett å finne ut av med offentleg transport. Møre og Romsdal fylkeskommune utvikla konseptet i 2016. Etter at saka vart teken opp i Vestlandsrådet hausten 2018, har dei dei tre fylkeskommunane gjort politiske vedtak om å innføre tilbodet. Alle fire fylkeskommunane på Vestlandet er med i Vestlandsrådet.

50 turar 

For tida blir dei 50 turane lagt inn i eit bookingsystem. Destinasjonsselskapa har kome med forslag til turar. Visit Nordfjord får ansvaret for turane i Sogn og Fjordane, mens Destinasjon Voss skal drifte turane i Hordaland og Rogaland. Dei andre destinasjonsselskapa skal bidra med sal og marknadsføring.

Tilbodet skal gjere det enklare for turistar å reise kollektivt. Det skal få fleire til å reise med bussar og båtar som ikkje har så mange reisande og dermed bidra til å oppretthalde kollektivtilbodet i distrikta. Destinasjonsselskap og turistkontor får eit berekraftig produkt å selje, og dei som reiser på eigen hand, får betre høve til å oppleve Vestlandet.

Felles portal 

Når den første sesongen er gjennomført, er planen å lage ein felles portal og knyte heile Vestlandsregionen sterkare saman gjennom slike turar. Det skal og bli fleire tilgjengelege turar. Dette krev koordinering og finanisering. NCE Tourist Fjord Norway skal jobbe med dette gjennom Vestlandsrådet og dei fire fylkeskommunane. Fjord Norway har delteke i utviklinga av tilbodet og registrerer at samarbeidet mellom transportørane og reiselivsbedriftene er blitt styrka.