Teknikk og industriell produksjon den store vinnaren

Teknikk og industriell produksjon (TIP) er vinnarfaget i dei vidaregåande skulane i Hordaland med ein auke i søkinga på heile 25 prosent. Første inntaksomgang var klar 8. juli og i alt har 15 774 elevar fått plass i denne omgangen.

Om lag 19 000 elevar har søkt plass i den vidaregåande skulen i Hordaland. Dette er om lag som dei siste åra. Studiespesialisering er mest populær med 2624 søkjarar til vg1. Det er 74 fleire enn i fjor, mens størst auke har teknikk og industriell produksjon med 821 søkjarar. Det er 163 fleire enn i fjor, ein auke på 25 prosent. Årsaka er at maritime og tekniske fag er i vinden igjen etter oppgangen i oljerelatert industri. Dette fører mellom anna til at Bergen martime videregående skole aukar søkinga med heile 60 elevar, frå 395 til 455. 

Tre inntaksomganger 

Etter at første inntaksomgang er gjennomført har 964 elevar med rett til vidaregåande opplæring, såkalla ungdomsrett, ikkje fått plass. Dette er om lag 200 færre enn i fjor. Mange av desse vil få plass i neste inntaksomgang 29. juli, men nokre må vente til siste inntaksomgang 8. august. Alle med ungdomsrett skal få tilbod om skuleplass til skulestart 16. august. 

Elevane har fått melding på mobiltelefonen om inntaket og kan sjå resultatet på vigo.no. Svarfristen er fredag 19. juli. Det er viktig å svare innan fristen fordi manglande svar fører til at eleven mister tildelt plass, og/eller blir tatt ut frå ventelista. Ungdomsrett-søkjarar utan tilbod etter første inntaksomgang kan gjerne ta kontakt med inntakskontoret til Hordaland fylkeskommune for meir utfyllande informasjon. 

Nedre poenggrense varierer

Nedre poenggrense for inntak ved dei ulike tilboda varierer ein del frå skule til skule, særleg i Bergensområdet. Dette har sjølvsagt ein del med søkninga å gjere, men ikkje minst at det er svært ulike klassetal ved dei einskilde skulane. Samanlikning berre av poengsummar mellom skulane kan difor vere urettvist.

Nedre poenggrense til vg1 studiespesialisering i Bergen (pdf)

Søkjartal til vg1 (pdf)

Søkjartal til vg2 (pdf)

Søkjartal til vg3 (pdf)

Søkjartal til dei einskilde skulane (pdf)