Stor omlegging av busstrafikken i Bergen sentrum

Like over påske, frå tysdag 23. april, blir det stor omlegging av busstrafikken i Bergen sentrum. Olav Kyrres gate blir stengt for oppussing og 35 bussruter får nye haldeplassar.

Haldeplassane i Olav Kyrres gate og Nordahl Bruns gate blir flytta til

  • Torget R
  • Småstrandgaten M
  • Strømgaten S
  • Lars Hilles gate A og B
  • Bergen busstasjon 

Det vil og bli ein del endringar på Bergen busstasjon:

-       Askøy, Sotra og Øygarden: Bergen busstasjon blir einaste haldeplass for linjene til Askøy, Sotra og Øygarden. Nattavganger går berre frå Lars Hilles gate A. Frå Askøy, Sotra og Øygarden blir det ingen endringar. 

-       Linje 51, 53, 60 og 67: Bergen busstasjon blir einaste haldeplass i sentrum for desse linjene.

-       Nokre linjer får endra perrong på Bergen busstasjon: Det gjeld linje 12, 13, 21, 36, 37, 51, 53, 60, 67, 83, 210. 

KartOlavKyrreN1000.jpg

Kartet viser oversikt over dei nye haldeplassane i Bergen sentrum.

Opnar i mai 2020

Desse endringane skal gjelde til mai neste år. Olav Kyrres gate er eit av dei største kollektivknutepunkta i Bergen med 1200 bussar i døgnet og 22 000 reisande dagleg. Gata er frå 1800-talet og vart i 1989 bussgate, men den er trong og uoversiktleg. Gaten skal byggast om med breiare fortau og venteareal. Kantstein vil bli heva, slik at du skal kunne gå rett inn på bussen utan trinn. Og det skal bli leielinje for synshemma.

I mai 2020 blir nye Olav Kyrres gate opna igjen.

Meir informasjon om omlegginga