Stor auke i lærekontraktar i Hordaland vekkjer nasjonal oppsikt

– Vi er stolte og krye. Dette er ei suksesshistorie, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun etter at Hordaland fylkeskommune har lukkast i å få ein stor auke i talet på lærlingar. Resultat i Hordaland vekkjer nasjonal oppsikt, og andre fylkeskommunar står i kø for prøve ut tiltaka.

Talet på elevar som går frå vidaregåande skule i Hordaland til læreplass har auka frå ca 4400 i 2016 til vel 5200 i 2019, sjølv om elevtalet har vore om lag stabilt. Enkelte skular har fått ein auke i dei som går frå vg2 yrkesfag til læreplass frå rundt 40 prosent i 2016 til 80 til 90 prosent i år. Årsaka er prosjektet «Auka gjennomføring – fleire ut i lære» som Hordaland fylkesting sette i gong i 2016.

Tiltak som ha lukkast 

– Vi har satsa aktivt på å få fleire til å fullføre vidaregåande skule og få fleire ut i lære. Her har vi sett i gong tiltak som har lukkast. Vi har fått til eit tettare og betre samarbeid mellom skule og bedriftene. Vi har fått tilpassa opplæringa meir etter det bedriftene ønskjer. Seks vidaregåande skular har vore med i prosjektet. No ønskjer vi å vidareføre resultatet til alle dei vidaregåande skulane i Vestland. Vi ønskjer å vere det leiande fylket i landet på gjennomføring og læreplassar, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun. 

Svært positive tal 

Tala frå dei seks vidaregåande som har vore med i prosjektet, er svært positive:

  • Voss vidaregåande skule har auka talet på elevar som går frå vg2 til lære frå 38 til 90 prosent.
  • Slåtthaug videregående skole har auka frå 41 til 82 prosent
  • Sotra vidaregåande skule har auka frå 41 til 82 prosent
  • Stord vidaregåande skule har auka frå 42 til 82 prosent.
  • Årstad videregående skole har auka frå 32 til 68 prosent.
  • Voss gymnas har auka frå 58 til 81 prosent (frå 2018 til 2019) 

Tilpassa behovet til bedriftene 

Etter at fylkestinget sette i gang prosjektet med dei seks skulane i 2016 er fleire nye tiltak innført. Skulane har fått eigne yrkesfaglege koordinatorar som har følgt opp elevane tett. Det er innført eit eige læreplassrekneskap som følgjer kvar elev heile vegen mot læreplass, og faget yrkesfagleg fordjuping er utvikla til å bli meir tilpassa behovet i bedriftene. 

– Før var vi opptatt av at elevane skulle fullføre vidaregåande skule, og vi tenkte ikkje så mykje på korleis det skulle gå med elevane vidare. No er den vidaregåande skulen og næringslivet blitt likeverdige. Vi samarbeider og tenker heile løpet på fire til fire og eit halvt år fram til eleven er ferdig i lære og har fått fag- eller sveinebrev, seier prosjektleiar Hege Osebakken i Hordaland fylkeskommune. 

Vekkjer oppsikt 

Resultata i Hordaland vekkjer oppsikt i landet. Dei andre fylkeskommunane har teke kontakt og vil innføre tiltaka i Hordaland. Mellom anna skal Oslo prøve det ut ved tre vidaregåande skular. Rogaland, som er det andre store fylket i landet på lærlingar, ønskjer og å prøve ut tiltaka. 

Torsdag 7. november vart prosjektrapporten overlevert frå prosjektgruppa til fylkesdirektør for opplæring, Bjørn Lyngedal. Tilrådinga er at tiltaka må bli gjennomført i alle dei vidaregåande skulane i Vestland.