Sommarskulen har fått fråfallet ned

– Sommarskulen er eit bra tilbod. Eg har lært ganske mykje, seier Abdul Basir Jabbarkhel (20). Etter to veker med matematikk avslutta han med eksamen fredag 5. juli.

– Eg er nesten ferdig med vidaregåande skule og manglar berre eksamen i matematikk. Planen er å studere vidare. Eg har lyst til å bli sjukepleiar, seier Jabbarkhel. Han har gått to år på helsefag på Årstad videregående skole etterfølgt av påbygg på Fyllingsdalen videregående skole for å få studiekompetanse.

Får jernteppe

– Eg har gått på sommarskulen desse to vekene for å fullføre vidaregåande utdanning. Eigentleg er eg ganske god i matematikk, men på eksamen får eg jernteppe og stressar litt. Det fører til at eg misforstår oppgåvene. No håpar eg at det skal gå bra, seier Abdul Basir Jabbarkhel.

Sara Nes i Bergen Røde Kors er assistent på sommarskulen og hjelper til med undervisinga.

– Abdul er flink til å be om hjelp og flink til å møte her. Han har vore presis kvar dag. Eg trur det skal gå bra for han til eksamen, seier Nes. 

Velfungerande 

Sommarskulen i Hordaland har vore eit årleg tilbod gjennom 13 år for å få fleire til å fullføre vidaregåande utdanning. I alle år har sommarskulen vore eit godt og velfungerande samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune og Røde Kors. Prosjektleiar og initiativtakar er Petter de Presno Borthen i Hordaland fylkeskommune.

– Sommarskulen starta vi for å få ned fråfallet i den vidaregåande skulen. Den er ei vidareføring av leksehjelpen til Røde Kors. Gjennom desse 13 åra har svært mange av elevane bestått eksamen på den siste dagen av sommarskulen og kome seg fint vidare i livet. Elevane er takknemlege for hjelpen dei har fått, seier Borthen.

I alt har 1300 elevar delteke på sommarskulen i desse åra. Over 60 prosent av dei som har teke eksamen ved avslutninga av sommarskulen, har bestått. Mange av desse er elevar som har stroke til ordinær eksamen i vidaregåande skule og dermed ikkje fått bestått vitnemål.

Difor er sommarskulen så vellukka

Prosjektleiaren har oppskriften på kvifor sommarskulen er blitt så populær og vellukka.

– Vi startar dagen med felles frukost. Til lunsj serverer vi varm mat. Vi har undervising i små grupper med ein vaksen lærar eller assistent på to-tre elevar. I tillegg har vi sosialt program med ulike aktivitetar. Sommarskulen og leksehjelp har vore eit viktig bidrag til å få fleire elevar til å fullføre skulegangen, seier Borthen.

På tre stader i Hordaland

Sommarskulen vart i år skipa til i Bergen, Knarvik, Stord og i Bergen fengsel. Ca 100 elevar deltok. Dei fekk undervising i matematikk på studiespesialisering og yrkesfag, og norsk for minoritetsspråklege elevar med ungdomsrett til vidaregåande utdanning.

Totalt har ca 1300 elevar vore med i desse 13 åra. 521 har teke eksamen i matematikk yrkesfag den siste dagen av sommarskulen. Av dei 470 som tok eksamen dei første 12 åra, bestod 281 som er 60 prosent. I år tek 51 elevar eksamen. Dei andre faga har nasjonal eksamen som må takast i vidaregåande skule eller som privatist.

Vemodig å slutte

For Petter de Presno Borthen var det vemodig å avslutte den 13. sommarskulen. No blir han pensjonist.

– Eg håpar det nye fylket, Vestland, ser verdien av sommarskulen og vidare drift. Gjennom desse åra har elevane blitt sett av fylkeskommunen og Røde Kors og følt at vi stiller opp for dei. Vi har hatt godt samarbeid med Røde Kors i alle år, som har stilt med mange frivillige. Eg ser det slik at vi har plikt til å føre dette samarbeidet mellom offentlege og frivillige vidare, seier leiar av sommarskulen, Petter de Presno Borthen.

Hordaland fylkeskommune betaler ein årleg sum til Røde Kors som skal dekke utgiftene til sommarskule og leksehjelp. I tillegg stiller mange frivillige frå Røde Kors gratis opp for å hjelpe til.