Søkjer designar for nytt fylkesordførarkjede

Hordaland og Sogn og Fjordane inviterer profesjonelle kunsthandverkarar eller designarar for utforming av nytt ordførarkjede og møteklubber til Vestland fylkeskommune.

Det skal vere ein open prekvalifisering, der profesjonelle kunstnarar kan vere med. I første omgang skal dei melde si interesse, ved å skrive nokre og og sende inn CV. Dei skal ikkje sende inn designforslag i denne omgang. I tillegg til ordførarkjede skal den som får oppdraget og lage design for møteklubbene til det nye fylket.

Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommuner har rikt utsmykka og symboltunge ordførarkjede i dag. Det er viktig å få fram kva det nye ordførarkjedet skal symbolisere for den nye fylkeskommunen. Det skal vere eit smykke som representerer Vestland fylkeskommune på ein god måte.

Sjå heile utlysinga her.