Søk om datamaskinar til gode formål

Hordaland fylkeskommune skal gi bort utrangert, men fullt brukbare datamaskinar, til organisasjonar eller stiftingar som kan ha nytte av dei. I 2018 fekk skular i Afrika og Sør-Amerika 20 PC-ar.

Fylkesutvalet vedtok i 2017 å gje vekk PC-utstyr som ikkje lenger er i bruk. Dette er PC-ar som er fullt brukbare, men som ikkje støttar krava som stillast til IT-utstyr i fylkeskommunen. Fylkesutvalet har vedteke at tildelinga skal skje kvart år.

Interesserte organisasjonar og stiftingar kan søkje fylkeskommunen og grunngje kva datamaskinen skal brukast til.

Dette er kriteria som gjeld for tildelinga

  • Søkjarar utanfor Noreg har prioritet
  • Barn og unge i organisert skuletilbod og SFO-tilbod har prioritet framfor bruk i administrasjon, studium, hobby eller leik
  • Etablerte organisasjonar har prioritert. Tiltak som Hordaland fylkeskommune støttar, kan og søkje, men dei stiller på lik linje med andre søkjarar. Det kan ikkje etablerast hevd, og søknader frå enkeltpersonar blir ikkje vurderte
  • Det blir lagt vekk på geografisk spreiing i tildelingane
  • Det blir rullering mellom søkjarane for å syte for at flest mogleg aktørar får datamaskinar
  • Det blir lagt vekt på generell kvalitet på søknaden


I 2019 er det om lag 50 berbare datamaskinar som skal delast ut.

Du kan søkje ved sende inn ein e-post seinast 31. mars 2019. Fylkesutvalet i Hordaland avgjer så kven som vert tildelt maskinar i samband med møtet sitt i mai.

Har du spørsmål? Kontakt Toralf Rutledal på toralf.rutledal(a)hfk.no