Slik blir det nye fylkeshuset i Bergen

Hordaland fylkeskommune har innstilt LAB entreprenør som totalentreprenør og vinnar av pris- og designkonkurransen for nytt fylkeshus.

- LAB har den arkitektonisk beste løysinga både utvendig og innvendig sett på bakgrunn av konkurransegrunnlaget, seier Jostein Fjærestad, eigedomsdirektør i Hordaland fylkeskommune. Han meiner i tillegg at vinnarbidraget «Penrosetrappen» er det klart beste til å synleggjere demokratiet og fylkeskommunen sine aktivitetar for innbyggjarane, noko som var eit av konkurransekriteria.

Deltakarane i gruppa som vann pris- og designkonkurransen er LAB entreprenør, NSW arkitektur, HUS arkitekter, arkitektgruppen Cubus, IARK (interiørarkitektur) og Sweco (rådgjevande ingeniørar).

Nytt fylkeshus_2_7.1.2_2_web.jpg

TETT PÅ DEMOKRATIET: I tillegg til dei opne glassflata i første etasje er det direkte inn- og utsyn frå fylkestingssalen.

Openheit og demokrati

Juryrapporten legg vekt på at prosjektet representerer eit spennande og framtidsretta offentleg bygg. I første etasje er bygget opent mot byen med store glasflatar som inviterer og stimulerer til aktivitet i alle retningar.

- Heile området kjem til å framstå opent og mykje av aktivitetane på innsida av huset vil vere synleg for dei vi jobbar for, nemlig alle innbyggjarane, seier Fjærestad.

Han trekk også fram arkitektane sine gode løysingar for fylkestingsalen, som i nybygget endeleg kan bli inkludert i fylkeshuset. I konkurransesdokumenta skriv dei at fylkestingssalen symboliserer hjartet i den demokratiske institusjonen og er fylkeskommunens offentlege ansikt. Salen er løfta opp og har utsyn over byen, samtidig som dei omliggjande byområda har direkte innsyn til salen.

Nytt fylkeshus_3_7.1.2_3_web.jpg

FRÅ INNSIDA: Fylkestingssalen sett frå innsida, og med openheit for politikarene mot innbyggjarane.

Ei penrosetrapp midt i bygget

Forslaget frå LAB entreprenør har fått namnet «Penrosetrappen», som viser til trappa midt i bygget. Trappa er nær fylkestingssalen og er tenkt som ei trapp som bind offentlegheita saman med den demokratiske aktiviteten. Trappa er brei og oppfordrar til intern samhandling og korte møte. Den blir og ein møteplass mellom publikum og det indre liv, og er synleg gjennom den transparente fasaden.

Nytt fylkeshus_4_7.1.2_4_web.jpg

PENROSETRAPPA: Den breie trappa midt i bygget skal fungere både som ein møteplass og ein passasje.

Fasaden er oppdelt horisontalt og vertikalt med tette parti og glas. Ytterskalet er utforma med aluminium med ein skimrande overflate, noko som gir ulikt uttrykk etter vær og lystilhøve. Fasaden har òg trespiler og naturlege materiale, noko som gir kontrast til anna materialbruk.

Juryen legg vekt på at tilkomsten til bygget er effektiv og at planløysinga generelt i bygget er god. Dei meiner og at «Penrosetrappen», som er innstilt som vinnar, bidrar til eit fylkeshus med identitet og særpreg. Bygget er delt i to delar med eit mellomparti som inneheld tre opne hageareal og dei er tilgjengeleg for både tilsette og besøkande.

nyttbygg uteareal.JPG

HAGE: Dei to hagane er utforma som abstraherte kart av dei to fylka som slås saman. Hagane skal få plantar frå heile den nye regionen. 

Utleigeareal

Det nye fylkeshuset har eit samla bruksareal heilt opp mot det tillate i reguleringsplanen på 27 000 kvadratmeter. Dette er ei arealauke samanlikna med tidlegare vurderingar.

- Det auka arealet skal nyttast til utleige og dei auka leigeinntektene vil styrke finansieringa av prosjektet, som no har ein auka byggekostnad på vel 100 millionar kroner, seier eigedomsdirektør Jostein Fjærestad. Leigeavtalar vil, med fylkesbygget sin sentrale plassering i Bergen sentrum, gjere prosjektet rimelegare for fylkeskommunen enn om bygget ikkje inkluderte areal for utleie, legg han til. Potensielle leigetakarar kan i tillegg til moderne arbeidsplassar nytte fellesareala frå 1.-5. etasje inkludert konferansesal, møtelokalar og uteareale. Den høgste delen av bygget blir på tretten etasjar og det blir plass til over 1100 arbeidsplassar.

nyttbygg_plan.JPG

FØRSTE ETASJE: Her blir det fleire inngangar til resepsjon og tenestetorg. I tillegg kjem det kafé og plass for uformelle møte. 

Solcelletak og passivhus

Hordaland fylkeskommune har høge ambisjonar for energi, klima og miljø i prosjektet med nytt fylkeshus. Dette har entreprenøren oppnådd gjennom ein bevisst heilskapleg strategi på overordna nivå, og på tvers av alle fag i designgruppa. Det nye fylkeshuset vil oppfylle den høge miljøstandarden BREEAM-NOR Excellent og samtidig oppnå kravet om 20% reduksjon av klimagassutslepp. Bygget får passivhusstandard med energieffektive installasjonar. Dei to øvre taka vil ha Bergens mest sentrale solcelleanlegg, som vil produsere meir enn 100 000 kWh/år. Alle tak er utforma som grøne tak for å sikre god vannfordrøyning, samt for å auke tomta si økologiske verdi.

Bygget er planlagt med gode løysingar for at både dei som arbeider i bygget og besøkande har enkel tilkomst anten dei kjem gåande, syklande eller via kollektivtransport.

Fuktinntrenging

Dagens fylkeshus i Agnes Mowinckels gate 5 har vesentlege behov for oppgradering, både når det gjeld bygningsmessige kvalitetar, tekniske anlegg og arealutnytting.

- Slik det er no har vi fleire utfordringar, som at det regner og bles inn vindauge og at ventilasjonsanlegget ikkje held dagens standard, seier Fjærestad.

Det vart vurdert at riving og nybygg samla gav betre økonomi i prosjektet enn rehabilitering og fylkestinget vedtok sak om rom- og funksjonsprogram for nytt fylkeshus i oktober 2018. Alle arbeidsplassane for dei tilsette er lagt til dei to hovudbygga. Forslaget frå LAB entreprenør viser varierte løysningar for aktivitetsbaserte arbeidsplasser med stor fleksibilitet i bygget. Det nye fylkeshuset skal byggast på den eksisterande tomta og vil samle alle tilsette i eit hus frå 2023. Endeleg vedtak om bygging vert tatt av fylkestinget.